HjemNyheiterUnngå hyttebrann i påska

Unngå hyttebrann i påska

Ei stor undersøking fra 2021 viste at 1 av 10 hytter i regionen ikkje hadde fungerande røykvarslar eller sløkkjeutstyr. Dei fleste hytter er i tillegg langt fra næraste brannstasjon. Det er difor ekstra viktig å sørgje for at branntryggleiken på hytta er på topp.

Følg desse tipsa for ei branntrygg påske: 

  1. Sjekk at røykvarslarane fungerer. Ha alltid med nye røykvarslarbatteri.
  2. Sjekk at sløkkjeutstyret er i orden. Hytta skal ha same sløkkjeutstyr som i bustad. 
  3. Om du har gass, sjekk at du ikkje har lekkasje og at anlegget er i god stand. Vurder om du skal installere ein gassvarslar.
  4. Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale.
  5. Skal du grille eller brenne bål må du vise aktsemd og sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å sløkkje grillen eller bålet heilt før du forlèt det.

Ikkje set oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 03.04.2023