HjemNyheiterUtdeling av kulturprisar på Daledagane

Utdeling av kulturprisar på Daledagane

Vi gratulerer dei tre flotte kulturprisvinnarane

  • Ole Hesjedal 2020
  • Jan Erik Kolaas – 2021
  • Linda Lien – 2022

Her kan du lese talene ordførar Hege Eide Vik holdt for vinnarane.

Ole Hesjedal 2020 

Kulturprisen for 2020 vert tildelt ein aktiv og tydeleg profil i det frivillige kulturlivet i Vaksdal kommune. Han er eit organisasjonsmenneske som har engasjert seg sterkt både på kommune- og fylkesnivå innanfor sitt felt. Han har også nasjonale verv. Han har klare ambisjonar, og han har ei tydeleg stemme. Ei hjartesak har vore arbeidet for ny kultursal.

Prisvinnaren har vore sangar i Kordial så lenge koret har eksistert. Han var med å starta koret i 1989, og var leiar i 20 år.

Han har hatt leiarvervet i Vaksdal musikkråd i ni år. Då den nye kultursalen skulle opnast var det naturleg å inkludera leiaren i musikkrådet, og ein ihuga forkjempar for kultursal, til å vera med i planlegginga av arrangement, og eg vil takka for eit svært godt samarbeid rundt arrangementet.

Han har i mange år hatt engasjement knytt til Daledagane, dei siste åra som leiar i Daledagsnemnda.

Han har også engasjert seg for idretten og har ei tid bak seg som leiar i Stanghelle idrettslag.

Han har vore aktiv i mange år i styret i Hordaland Korforbund i ulike verv, han var leiar i Hordaland korforbund i fem år, nestleiar i fire år og økonomiansvarleg i tre år.

I korforbundet sentralt har han vore leiar i valkomitéen. No er  han leiar i Kontrollkomitéen i Norges Korforbund.

Alle desse verva på fylkesnivå og nasjonalt nivå er basert på Kordial og det engasjementet han har hatt for korsong. Dette er ein lokal korsongar som gjennom mange år har hatt eit sterkt engasjement for kor på alle plan, både som utøvar og som organisasjonsmedlem på alle nivå. I tillegg har han hatt eit sterkt engasjement for å utvikla kulturlivet i Vaksdal og sikra gode kår for musikklivet i framtida.

Det er ei stor gleda for meg å få tildela Vaksdal kommune sin kulturpris for 2020 til sjølvaste Ole Hesjedal.

Jan Erik Kolaas 2021 

Me skal over til eit nytt felt, og me skal inn på eit tema eg vil kalle «kultur til folket».

Dette er ein person som i kraft av si stilling har brukt det store nettverket sitt til å bringe inn kjende forfattarar, musikarar og foredragsholdarar til kommunen, i tillegg til å nytta gode lokale krefter. I nominasjonen heiter det at:

- Han har i si tid som biblioteksjef utvikla biblioteket frå å vera eit boklager til å verta ein aktiv samlingsplass for ulike typar kultur og andre aktivitetar, mellom anna sjakkturneringar. Har arrangementa vorte for store for biblioteket, har «Forsamlingshuset» på Dale og arbeidarbustaden «Synken» på Vaksdal vorte nytta. Dette bidreg óg til å halda desse lokala levande. Han har i samarbeid med lokale krefter laga arrangement som månadens forfattar, månadens nynorskforfattar og skandinavisk litteraturvår. Arrangementa har vore eigne suksesshistoriar, og det er tydeleg at publikum set stor pris på desse kulturelle hendingane i kvardagen. 

Han har og vore «primus motor» for Vaksdal kulturskule sitt skrivekurs gjennom vel 15 år. Dette arbeidet har mellom anna resultert i antologien «Twist» som kom ut for nokre år sidan.

Fleire av deltakarane på skrivekurset har kome ut med eigne bøker, og for nokre år sidan gav bibliotekaren sjølv ut si fyrste bok, «Bruddstykker», på det lokale Villanden forlag. 

Og så har han bidratt aktivt til musikklivet i Vaksdal i bandet Smooth Operators. 

Prisen vart tildelt før det var kjent at du skulle pensjonere deg, men eg er ekstra glad for at me kan gje deg denne prisen som ein honnør og ei stor takk frå oss i Vaksdal for det arbeidet du har lagt ned i Vaksdal Folkebibliotek. Ein innsats langt utover det me kunne forvente. Her hjå oss har du sett spor.

Tusen takk for dei vel 20 åra me fekk ha deg som tilsett. Me ynskjer deg alt godt i pensjonistlivet. 

Kulturprisen 2021 går til Jan Erik Kolaas.

Linda Lien 2022

Me skal over til eit tredje felt – no skal me til skaping, samskaping og bygdeutvikling. Me skal til ein person som bringa verden til bygda si og bygda til verden. Ein person som orienterar seg langt utanfor landegrensene, og som er lokalpatriot. Mange små prosjekt og trådar blir vevd saman, og denne personen er både ein igangsetter OG ein gjennomfører.

Frå ide til sluttresultat – her er det ei unik drivkraft. Og bygda står sentralt i mykje av det som skjer. Om det er foreldrearbeid, natteravning, bevaring av vassdrag, lokalhistorie, visuell profil til idrettslaget – breidden i engasjementet er stort. Sjølvsagt i godt samarbeid med andre, men den krafta og kreativiteten ho har i alt ho gjer er avgjerande for både framdrift og resultat. 

Eg vil sitera litt frå nominasjonen me mottok:

- Ho har hatt eit stort og flott prosjekt med Vaksdal skule, der ho har fått laga og sett opp flotte skilt rundt i bygda. Her har borna fått vore med og bidratt, dei har teikna og dei har laga forteljingar. Skilta er plassert på ulik plassar med stadnavn, der me får historien til kvifor denne plassen har dette navnet, og mange andre interressante opplysningar. Og det som er so flott , er at skuleborna har fått vore med. 

Denne nominasjonen mottok me. Og den seier noko om essensen i det arbeidet ho gjer lokalt. Ho involverer andre, er ein motor i prosjekt, og bidrar med sin fagkunnskap og kreativitet. 

Nyleg har ho laga artikkelserie på nett om lokale køyretøy. Dette starta som eit 17. maiprosjekt, men har vidareutvikla seg og virvla opp mange fine historiar og løfta fram lokale personlegdomar. Her blir viktig lokalhistorie blir dokumentert. 

Eit nytt sitat: Ho er ei kraft i bygda - ho får ting til å skje i smått og stort. Ho har alltid overskot til å gje tilbake til bygda. Å skille alle dei ulike prosjekta hennar er vanskeleg - men alt heng saman med alt. Og i tillegg er ho fantastisk god med ord og talar. 

Du er umulig å sette i bås eller beskrive med enkle ord, me kan ikkje avgrensa det arbeidet du gjer. Men me meinar at kunstnarblikket ditt er utgangspunktet for alle desse trådane som blir vevd saman til ei heilheit som gjer Vaksdølar stolte av bygda si.

Kulturprisen 2022 går sjølvsagt til Linda Lien.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 11.06.2022