HjemNyheiterVaksdal 2035 - Ny næringsplan

Vaksdal 2035 - Ny næringsplan

Du kan no finne næringsplanen og presentasjonen frå ope møte her på nettsida.

Har du innspel til planen, send inn innan 13.april til:

Målet med næringsplanen

Målet med næringsplanen er å skape vekst i næringsliv og innbyggjartal i kommunen. Arbeidet med næringsplanen har involvert sentrale aktørar innan næringsutvikling i Vaksdal kommune. Vaksdal Næringsselskap, Vaksdal Næringsråd og andre aktørar har vore sentral i arbeidet med næringsplanen og gitt retning for arbeidet.

Ambisiøs plan

Planen er ambisiøs, og har eit mål om stor vekst. Kommunen skal ha ein befolkningsvekst på 50 %, til 6000 innbyggjarar, og skape 600 nye arbeidsplassar innan 2035.

Planen beskriver konkurransefortrinn, barrierer og  mogelegheiter for kommunen. I arbeidet med planen er det identifisert og beskrive fem strategiske fokusområder for å nå måla.

Vi må:

  • Utnytte byggeperioden for E16 og Vossebanen-prosjektet og rigge kommunen for tiden etter
  • Auke lokal verdiskapning av kraft
  • Utvikle Vaksdal som destinasjon
  • Bli attraktiv i arbeidsmarknaden  for framtida
  • Sikre fleire nye tableringar og vekst i eksisterande næringar 

Kritiske suksessfaktorar for at vi skal lukkast er:

  • Samarbeid
    • «For at Vaksdal skal lukkast må aktørar samarbeide meir enn i dag»
  • Omdømme
    • «Vaksdal må tore å framsnakke eigne styrkar og kvalitetar»
  • Heilheitleg satsing
    • «Næringsplanen må henge saman med andre viktige planar i kommunen, spesielt knytt til arealbruk»
  • Kapasitet og kompetanse
    • «Vaksdal må sikre tilstrekkeleg med kapasitet og kompetanse for å sikre fokus på næringsutvikling i kommunen»

Trykk her for å lese utkast til næringsplan.

Trykk her for å lese presentasjonen som EY(Ernst&Young) hadde på ope møte.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 01.04.2022