HjemNyheiterVaksdal blir "syngande kommune"

Vaksdal blir "syngande kommune"

Dei lokale initiativtakarane vonar song vil auke fellesskapskjensla og skape sterkare band mellom bygdene i kommunen. 

I sterk konkurranse med 17 andre kommunar frå heile landet trekte Vaksdal det lengste strået saman med Østre Toten, Levanger og Røst.
Frå starten av 2019 skal kommunane samarbeide med Krafttak for sang om å utvikle og skape songaktiviteter og styrke lokal songkultur i ein treårs periode.

Kommunane vil og få fagdagar for tilsette i barnehagar, skular og eldreinstitusjonar, økonomisk støtte og tilgang til nasjonale nettverk og kompetansehevande samlingar.

I Vaksdal sin søknad om å bli syngande kommune er songen si rolle som byggar av ei felles identitet viktig.

Å skape samhald i ein langstrakt kommune ved å lage eit felles kjernerepertoar og syngje dei same songane vil være ein del av prosjektet.

- Vaksdal kommune leverte ein svært sterk søknad, seier Signe Sannem Lund. Ho er prosjektleiar for Syngande kommunar, og jobbar i Krafttak for sang som står bak satsinga.Det er i dag godt dokumentert at song kan bidra til å skape fellesskap og ha helsefremmande effekter.

- Song på arbeidsplassane skaper gode relasjonar. Kva med å starta møtet med ein allsong? Song i barnehagen er nøkkel til språkutvikling og relasjonsbygging. Song i skulen har same effekt, seier kulturskulerektor Sindre Sortland.

Saman med songpedagog og lokalpolitikar (SP) Hege Eide Vik skal Sortland få prosjektet i gong. Dei to har stor tru på at satsing på song kan vere positivt for innbyggjarar i alle aldrar.

Vaksdal Musikkåd har hatt ynskje om at me skulle søke om å bli syngande kommune. Då er det svært gledeleg at Krafttak for sang valde oss, og med både Hege og musikkrådet på laget skal dette gå veldig bra, seier Sortland.

- Song på institusjonane våre kan til dømes vera inngangsport til minner og språk hjå demente. Meir song i kvardagen kan skapa dei gode relasjonane, og positive augneblink med ro og harmoni hjå nokon med uro og angst. Song kan opna for inkludering, kulturutveksling og felles forståing.

Kommunestyret gjorde eit samrøystes vedtak om å søke 1. oktober. Ordføraren svara til og med med ein song.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 15.11.2018