HjemNyheiterVaksdal er oppmoda om å ta imot 35 ukrainske flyktningar i løpet av 2022

Vaksdal er oppmoda om å ta imot 35 ukrainske flyktningar i løpet av 2022

Saka skal handsamast i kommunestyremøte 29.mars.

Me veit at det hovudsakleg kjem kvinner, barn og eldre, men me veit enno ikkje når dei første flyktningane frå Ukraina vil komme til Vaksdal.

Me er særs takknemlege over engasjementet til innbyggjarane i kommunen. Mange har tatt kontakt og meldt inn ledige bustader, og fleire har meldt interesse for å hjelpe med ulike oppgåver når flyktningane kjem.

Me er godt førebudd, og har kapasitet både i helse, skule og barnehage, og flyktningtenesta er klar til å ta imot dei som kjem.

Eg er glad for at me har fått ein konkret førespurnad, og eg er trygg på at dei som kjem til oss vil få ein varm velkomst frå nye naboar og vener.

Hege Eide Vik
Ordførar


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 18.03.2022