Vaksdal kommune byter sakshandsamings- og arkivsystem måndag 20. november
Vi ønskjer å informere alle kommunens innbyggjarar om at kommunen bytter sakshandsamings- og arkivsystem måndag 20. november.
Publisert:
13.11.2023
Sist endra:
13.11.2023
I samband med dette må de pårekna noko lenger svarfrist enn normalt på innsynskrav og andre saker/førespurnader.
Det vil mellom anna bli forseinking i systemet på registrering, mottak og handsaming av saker/dokument i perioden 13. november til ca 25. november.