HjemNyheiterVaksdal kommune gratulerer Sigurd Steinkopf med tildeling av Drømmestipendet

Vaksdal kommune gratulerer Sigurd Steinkopf med tildeling av Drømmestipendet

-  Det er ei stor glede å gratulere Sigurd Steinkopf med Drømmestipendet. Han har vore ein aktiv og dyktig musikar i Vaksdal kommune frå ung alder, og eg har vore så heldig å få samarbeide med han ved fleire høve. Det Sigurd utrettar som musikar er til inspirasjon for ungdommane som kjem etter han. Me er svært stolte av det gode arbeidet han gjer og dei spora han set etter seg.

Hege Eide Vik

Ordførar

Kulturskulerektor Sindre Sortland synast òg at det er stor stas at ein av våre får Drømmestipendet.

-  Nålauget er lite, og me har hatt supersøkarar før. To gongar tidlegare har ein av våre  fått dette stipendet. Når det no for tredje gong går eit stipend til ein ung musikar i ein liten vestlandskommune bør me kanskje sjå det som litt av ein prestasjon.

Etter ein kort periode på fiolin var Sigurd elev i kulturskulen i perioden 2003-2014. Eg har hatt gleda av å følgje utviklinga hans heile vegen og høyre han spele mange gonger. Magne Lunde var Sigurd sin lærar i kulturskulen. Magne gjekk dessverre bort sist haust. Det er vemodig at ikkje Magne fekk oppleve dette. Han hadde vore vilt stolt.

Sindre Sortland

Kulturskulerektor

Trykk her for å lese om Sigurd, og kva draumar han har framover, på nettsida til Dømmestipendet.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 23.02.2022