HjemNyheiterVaksine mot sesonginfluensa

Vaksine mot sesonginfluensa

  • Onsdag 20.10.21 - Du som har etternavn A - J
  • Torsdag 21.10.21 - Du som har etternavn K - T
  • Fredag 22.10.21 - Du som har etternavn U - Å

Tid: Klokkeslett 09.00-12.00 og 13.00-15.00 alle dagar.

Stad: Dale Bedehus

Det er 20 minutt ventetid/observasjonstid etter vaksinering.

Vaksinering desse dagane er kun for dei som er lista opp under.

Alle andre som ønskjer å ta influensavaksina kan kjøpe den på apoteket og bestille time hos fastlegen for å få satt den. Eller du kan få satt vaksinen på apoteket.

Kven bør ta influensavaksine?

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal og få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sykdommer)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege


Eigenandel for deg som ikkje har frikort – kr 50,-

  • Du kan betale med VIPPS eller kontant.

Tøffare influensasesong

På grunn av strenge smitteverntiltak under koronapandemien har befolkninga ein lågare immunitet enn normalt. Difor er det venta ein tøffare influensasesong i år. Små barn og eldre er forventa å vere mest utsatt.

Influensavaksina reduserer risiko for alvorleg influensa. Den har ingen effekt mot koronaviruset.


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 13.10.2021