HjemNyheiterVaksineringa mot Covid-19 er no i gang i Vaksdal kommune

Vaksineringa mot Covid-19 er no i gang i Vaksdal kommune

Hjørdis Biirkeland får første dose av Covid-19-vaksina.

Vi fekk 15 dosar i første levering, og vil få leveransar kvar veke framover.

Bebuarar ved institusjonane våre er prioritert. I tillegg vil vi vaksinere helsepersonell i kritiske rollar.

Vi vil komme tilbake til den vidare vaksinerina etter kvart.

Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste.

Førebels har regjeringa bestemt av vaksinasjonen skal skje i denne rekkjefølgja – basert på råd frå Folkehelseinstituttet:

  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  • Eldre over 85 år
  • Eldre over 75 år - derett er dei over 65 år
  • Personar i alderen 18 til 64 som har ein eller fleire av nærare spesifiserte sjukdomar frå før

Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 06.01.2021