Veg og vassstenging i Bryllupshaugen

Veg og vatn vert stengt i tidsrommet torsdag 14. mars kl 17.00 og ut over natta.
Publisert: 13.03.2024
Sist endra: 13.03.2024

På grunn av lekkasje på vassleidningsnettet i Bryllupshaugen vil veg og vatn bli stengt i tidsrommet torsdag 14. mars kl 17.00 og ut over natta.

Vi oppmodar alle som bur i Bryllupshaugen som treng bil i dette tidspunktet om å parkere ved gamlebanken.

Når vatnet kjem tilbake, er det lurt å tappe ut luft og misfarga vatn på lågaste tappestad i huset.

Nødetatane er varsla om arbeidet.