HeimNyheiterVelkomen til verda vesle ven

Velkomen til verda vesle ven

Ingeborg Kydland Eide med mamma Line og ordførar Hege Eide Vik
Mamma Line Kydland synes alltid det er kjekt med presanger, og spesielt kjekt er det når gåva er lokal, frå Dale of Norway.
Vaksdal kommune ønskjer no alle barn som blir født i 2021 velkomen til verda med ei fin lue frå Dale of Norway.
Alle som kjem til verda i Vaksdal kommune i år vil få gåva neste gong dei besøker helsestasjonen på Dale, eller når helsesjukepleiar kjem på heimebesøk.
Bilete av babykort - foto Gitte Boge

Sist oppdatert: 28.09.2021
Publisert: 28.09.2021