HjemNyheiterVelkommen til første skuledag torsdag 15.august

Velkommen til første skuledag torsdag 15.august

Vi i vaksdalskulane gleder oss veldig til skulestart. Vi er klare til å ta i mot 23 elevar i 1.trinn og 439 totalt på alle skulane. På Vaksdal begynner det 11 førsteklassingar, på Dale 6, på Stanghelle 5 og i Eksingedalen 1. På Stamnes begynner ingen i 1. trinn dette året.
Publisert: 08.08.2024
Sist endra: 08.08.2024

Vi ser fram til eit lærerikt skuleår, der alle får oppleve meistring og å høyre til i eit trygt og godt fellesskap.  

Mange førsteklassingar har allereie fått litt tid i SFO, og vi høyrer at det er mange som har hatt ein god oppstart der.  

Når skal elevane møte?

Stanghelle skule   

  • 1. trinn møter i klasserommet kl. 08:45. Føresette er velkomne til å fylje eleven.  
  • Alle andre trinn møter til vanleg tid 08:30. 

Stamnes oppveksttun  

  • Alle elevar møter 08:45 og er ferdig 14:25.  

Eksingedalen oppveksttun 

  • 1. trinn møter på skuleplassen kl. 08:45. Føresette er velkomne til å følje eleven.  
  • Alle andre trinn møter til vanleg tid 08:45. 

Vaksdal skule  

  • 1. trinn møter på skuleplassen kl. 09:00. Føresette er velkomne til å følje eleven.  
  • Alle andre elevar møter til vanleg tid kl. 08:15. 

Dale skule 

  • 1. trinn møter 08.45 ved amfiet på barnesteget. Føresette er velkomne til å følje eleven. 
  • Alle andre elevar møter til vanleg tid 08:30.