HjemNyheiterVelkommen til fyrste skuledag torsdag 17.august

Velkommen til fyrste skuledag torsdag 17.august

Me tilsette i Vaksdalskulane gleder oss veldig til skulestart. Me er klare til å ta i mot 45 elevar i 1.trinn og 458 elevar totalt på alle skulane.
Publisert: 13.08.2023
Sist endra: 23.08.2023

Me ser fram til eit lærerikt skuleår, der alle får oppleve meistring og å høyre til i eit trygt og godt fellesskap.

Mange førsteklassingar har allereie fått litt tid i SFO, og me høyrer at det er mange som har hatt ein god oppstart der.

Føresette til elevar på 1. trinn er velkomne til å følgje eleven fyrste skuledag.

Stanghelle skule 

  • 1. trinn møter i klasserommet kl. 08.45. 
  • Alle andre elevar møter kl. 8.30

Stamnes oppveksttun

  • 1. trinn møter utanfor inngangen til småskulen kl. 09.00.  
  • Alle andre elevar møter kl.08.45.

Eksingedalen oppveksttun

  • Alle elevane møter kl. 8.45.

Vaksdal skule

  • 1. trinn møter på skuleplassen kl. 09.00.
  • Alle andre elevar møter kl. 08.15.

Dale skule

  • 1. trinn møter på skuleplassen kl. 08.45.
  • Alle andre elevar møter kl. 08.30.