Vi byggjar om i innbyggjarservice på heradshuset
1. Eg har ein avtale
Har du ein avtale, legg du inn namnet på den du har avtale med. Vedkommande blir varsla på sms og e-post, og vil hente deg.
Har du avtale med lege, psykisk helse og rus, helsestasjon eller NAV treng du ikkje leggje inn melding. Du berre møter opp som før.
2. Eg vil snakke med nokon
Om du treng å snakke med nokon, men ikkje har ein avtale velgjer du dette. Denne meldinga går til tilsette i Innbyggjarservice, og ein tilsett vil komme og møte deg.
3. Eg skal til NAV
Her finn du informasjon om opningstidar og kva du må gjere.
4. Andre tenester
Her ligg informasjon om legekontor, psykisk helse/rus, helsestasjon.
5. Post/ vareleveranser
Kjem du med post eller pakke melder du deg her, og ein tilsett vil komme og møte deg.
Språk og tilrettelegging
Besøkjande kan velje engelsk språk, og løysinga er tilrettelagt for personar i rullestol.
Sist oppdatert:
31.07.2022
Publisert:
31.07.2022