HjemNyheiterVi får behalde 162 av dei 182 millionane vi selde konsesjonskrafta for

Vi får behalde 162 av dei 182 millionane vi selde konsesjonskrafta for

I går, torsdag 11.mai, vart revidert nasjonalbudsjett lagt fram. Her kom det fram at Vaksdal kommune får behalde 65 millionar meir av salet av konsesjonskraft enn det som har vore kommunisert til oss tidlegare.
Publisert: 12.05.2023
Sist endra: 23.08.2023

Ordførar Hege Eide Vik er særs nøgd.

- Dette er veldig gledeleg. Regjeringa justerer i forhold til den reelle straumprisen slik dei lova å gjere. Me får behalde over 160 millionar frå salet av konsesjonskraftmidlane, noko som gjer at me kan redusere låneopptaka våre kraftig, samt gjere andre satsingar som kjem alle innbyggjarane til gode.