Vi innfører forskrift med påbod om munnbind på kollektivtransport, butikkar og kjøpesenter.

Bergen kommune har i dag vedtatt ei ny forskrift med påbod om munnbind på kollektivtransport, butikkar og kjøpesenter. I tillegg vert det registrering av gjester på serveringsstader.

Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Samnanger, Vaksdal og Øygarden innfører også denne forskrifta.

Vi har god dialog mellom kommunane og stiller oss samla bak dei nye tiltaka. Innføringa av desse tiltaka gjer vi for å prøve å dempe presset på helsetenesta, samt å sikre at vi kan leve så normalt som mogleg.

Vi oppfordrar innbyggjarane våre til å halde seg heime om dei føler seg sjuke, ta koronatest om du får forkjølelsessymptom og takke ja til vaksinene du får tilbod om.

Forskrifta tar til å gjelde 22. november 2021 kl. 00.000 og gjeld til og med 20. desember 2021.

Trykk her for å opne forskrifta hos Lovdata.


Sist oppdatert: 13.01.2022
Publisert: 19.11.2021