HjemNyheiterVil du bli ein av våre nye kommunevertar?

Vil du bli ein av våre nye kommunevertar?

Gunhild, Knut, Ingvild og to kattar trivst godt på Stanghelle.

Gunhild Brubakken (frå Gudbrandsdalen) og Knut Christophersen (frå Bergen) traff kvarandre som studentar i Bergen. Begge hadde faste jobbar i Skatteetaten og på Universitetet i Bergen og var busett på Landås då dei begynte å tenkje på alternativ bustad. Ønsket var ein mindre stad og å bu meir landleg. Dei ville begge fortsette i jobbane sine i Bergen, men var klar på at dei ikkje ønska å pendle med bil. Dei er glad i å reise med tog og tenkte då på noko langs Bergensbanen.
I tillegg var kriteriane for kva dei ønska seg klare: Kort veg til naturopplevingar, fjord og fjell med fisking, kajakk og turar. Og i tillegg mogelegheiter for sykling. Stanghelle blei bygda som dekka alle kriteria dei hadde sett opp.

Gunhild og Knut hadde ingen tilknytting til bygda frå før, hadde berre kjørt gjennom med tog. Første gong dei var på Stanghelle var faktisk på visningen av huset dei no bur i. Og rett før jul i 2017 flytta dei inn.

Dei kjenner sjølvsagt på utfordringar som innflyttarar utan familie og sosialt nettverk rundt seg, særleg etter at dei fekk barn. Men sjølv om besøka frå familie og vener frå Bergen ikkje er så ofte som tidlegare blir det gode og mykje lengre besøk når dei først kjem.

Paret meiner at kommunevertar vil vere ei god hjelp for nyinnflytta til kommunen. Dei har sjølv fått denne hjelpa frå naboar som hjelper til og stiller opp for dei. Og gode naboar som hjelper til og veit korleis ein gjer ting, gjer livet enklare for Gunhild, Knut, Ingvild og kattane.

Vi søkjer kommunevertar som kan ønskje velkommen til bygda, orientere om ulike tilbod som fins, og svare på spørsmål.

Vi ønskjer oss fleire gode naboar i bygdane våre. Når nokon skal etablere seg i ei bygd der dei ikkje er kjend er det særs viktig å bli tatt vel imot.

Vi har ein flott kommune og vil gjerne ha fleire innbyggjarar. Våre gode skular og barnehagar ønskjer spesielt velkommen til fleire barn og unge.

Kommuneverten sine oppgåver vil vere å ønskje velkommen til bygda, orientere om ulike tilbod som fins, og svare på spørsmål.

Har du høve til å bruke nokre timar på å ønskje nye innflyttarar velkommen til bygdane våre? Då håpar vi du vil bli ein av våre nye kommunevertar.

Du kan melde din interesse til Ann Kristin Bolstad

Telefon: 977 59 760
E-post: ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 14.01.2021