HjemNyheiterVil du vere meddommar?

Vil du vere meddommar?

I tillegg skal kommunen koma med framlegg til skjønsmenn som skal veljast av fylkeskommunen. 

Meddommarane er saman med fagdommarar med på å ta avgjersle i rettsaker.  Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla ca. to gonger i året. 

Nedre aldersgrense er 21 år og øvre aldersgrense er 70 år ved oppstart av ny valperiode. Du må og vere manntalsført i Vaksdal kommune og ha tilstrekkelege norskkunnskapar.

Meddommarane skal elles vera vanlege, heiderlege samfunnsborgarar som er godt skikka til vervet, og må ikkje vera straffedømt.  Utval av meddommarar skal vera samansett slik at dei representerer eit gjennomsnitt av innbyggjarane. 

Dersom du er interessert i å vere meddommar eller har tips om nokon som kunne passa, send skriftleg melding innan 4. mai til:

Vi må ha følgjande opplysningar på dei som søkjer/blir føreslått:  Namn, e-post, fødselsnr, adresse, stilling, yrke og telefon.

Spørsmål? 

Lurer du på noko, ta kontakt med Lin Tove Thomassen på e-post eller telefon 986 67 846.

Trykk her for å lese om kva det vil si å vere meddommar (domstol.no).


Sist oppdatert: 23.08.2023
Publisert: 22.04.2020