HjemLes om korleis du betalar og sender faktura til oss

Les om korleis du betalar og sender faktura til oss

Betale rekning frå Vaksdal kommune

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar frå Vaksdal kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto 3530.29.31516 som du finn på rekninga. Ikkje gløym å leggje inn KID-referanse for å sikre rask og korrekt behandling av innbetalinga di. Dersom KID-referanse manglar kan du skrive kundenummeret ditt som er oppgitt på rekninga.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE: NO26 3530 2931 51
  • SWIFT/BIC-adresse: SPAVNOBBXXX

Kva måte vil du betale rekningane dine på?

  • eFaktura: 
    Med eFaktura mottek du alle rekningane frå Vaksdal kommune ferdig utfylt rett i nettbanken din i staden for i postkassa.  Du slepp å taste KID- og kontonummer, alt du treng å gjere er å klikke OK for å betale rekninga på aktuell forfallsdato.
  • Avtalegiro: 
    Du kan også inngå Avtalegiro med banken din for trekk av faste rekningar pr månad.
  • Faktura pr e-post: 
    Du kan også få tilsendt faktura pr e-post – då må du sende e-post til post@vaksdal.kommune.no der du opplyser om namn, kundenummer, adresse og e-postadresse. 

Har du spørsmål om betaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

Sende faktura til kommunen

EHF er ei forkorting for Elektronisk HandelsFormat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Vaksdal kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive!

Vaksdal kommune sitt organisasjonsnummer er:  961 821 967

Kan ikkje verksemda di levere ein EHF?

Send faktura på e-post til faktura@vaksdal.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  merverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto og eventuelt KID

Her kan du lese meir om ordninga:

EHF-standarden er forankra i Forskrift om IT-standard i offentleg forvaltning.


Sist oppdatert: 23.08.2022
Publisert: 24.10.2018