Tilrettelegging ved nedsett funksjonsevne
Tilrettelegging ved nedsatt funksjonsevne
Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.
Kommunen si tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er naudsynte for at barnet skal kunne nyttiggjere seg av barnehageplassen. Plikta gjeld barn med nedsett funksjonsevne, som er busett i kommunen og har barnehageplass.
Føresette melder om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til sitt barn. (Sjå lenkje til skjema under slik melder du) Barnehagen barnet går i kan gje deg rettleiing i utfylling av skjema.
Slik melder du
Du kan melde heile året, det er ingen frist.
Her finn du skjema for melding om behov for tilrettelegging
Skjema sender du til:
Vaksdal kommune, eining for barnehage
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva skjer vidare?
Kommunen vurderer meldingane som kjem inn, og kan gjere vedtak om tilrettelegging. I sakshandsaminga kan det vere aktuelt å hente inn dokumentasjon frå andre instansar som er relevante for barnet.
Avgjerda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og føresette har klagerett på vedtaket. Klageinstans er Statsforvaltaren.
Kva får du?
Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.
Kontakt
Einingsleiar barnehage
Gunn Elisabeth Melgård Aase
- Mobil: 412 33 585
- E-post: Gunn.Melgard.Aase@vaksdal.kommune.no
Kva seier lova?
Barnehagelova § 37 skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.