HeimBarnehageSøkje eller endre plass

Søkje eller endre plass

Rett til barnehageplass

Barn som fyller eit år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august.

Barn som fyller eit år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage seinast innan utgangen av den månaden barnet fyller eit år.

Barnet må vere folkeregistrert i Vaksdal kommune.
Heile prosessen rundt det å søkje, endre eller seie opp ein barnehageplass er elektronisk.

Slik søkjer du - frist 1.mars

1. mars er søknadsfrist for barnehageplass i Vaksdal kommunale barnehage for barnehageåret 2021/2022.

Treng du hjelp til å fylle ut søknad kan du kontakte styrar i ein av kommunen sine barnehagar, eller einingsleiar for barnehage.

Trykk her for å søkje barnehageplass.

Trykk her om du skal endre, seie opp eller søkje redusert foreldrebetaling.

Trykk her for å få opp rettleiing til søknad om redusert foreldrebetaling (PDF).

Barn med prioritet

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak frå barnevern - familiar som har hjelpetiltak, eller der barnevernstenesta har omsorg for barnet. Sjå Lov om barnevernstenester.

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.

Krav til dokumentasjon

Sakkyndig instans må stadfeste at barnet har nedsett funksjonsevne. Vedtak i høve til barnevernslova må dokumenterast med fylkesnemndas vedtak, barnevernstenesta sitt vedtak, eller domstolsvedtak.

Flytte eller bytte barnehage

  • Flyttar du til ein annen plass i Vaksdal kommune, kan du behalde barnehageplassen du har.
  • Står du på venteliste treng du ikkje gjere noko. Du vil stå på ventelista inntil du sjølv slettar det.
  • Ønskjer du plass i ein annan barnehage må du gå inn og redigere søknaden du har frå før.

Endre opphaldstid i barnehagen

Dersom du vil endre opphaldstida til barnet i barnehagen, søkjer du elektronisk.

Søknader vert vurdert fortløpande.

Oppseiing av plass

Barnehageplassen må seiast opp skriftleg med minst ein månads varsel. Sluttar barnet etter 1. mai kan det krevjast betaling for resten av barnehageåret.

Permisjon  

Du kan få permisjon for heile barnehageåret. Kortare periodar kan vurderast viss det let seg gjere å tilby den ledige plassen til andre born. Ta kontakt med styrar.

Kontakt

Gunn E. Melgård Aase
Einingsleiar barnehage

Mobil: 412 33 585
E-post: gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no

Kva seier lova?

Trykk her for å gå til Barnehagelova 


Sist oppdatert: 22.02.2021
Publisert: 17.04.2018