Ukraina og vår beredskap

Justis- og beredskapsdepartementet har ikkje gått ut med endra trusselbilde for Norge som følgje av krigen i Ukraina.

Forståeleg nok er det likevel mange som er engstelege for at dette skal endre seg. Då vil vi vise til dei generelle råda for eigenberedskap.

Kontakinformasjon

Har du spørsmål, send ein melding til oss: ukraina@vaksdal.kommune.no

українською (in Ukrainian) Information from Bergen

українською (in Ukrainian) - to www.bergen.kommune.no

Jodtablettar

Mange spør oss om jodtablettar. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite truleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jodtablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jodtabletter lagra heime. Hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.

DSA anbefaler at kommunen i tillegg har jod til personar under 18 år, gravide og ammande. Vaksdal kommune har eit lager med jodtablettar.  Desse tablettane skal vere tilgjengeleg der born og unge oppheld seg, også på dagtid, som til dømes på skular, i barnehagar og på institusjonar.

Jodtablettar beskytter berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Jodtablettar skal berre nyttast dersom beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. Då vil det komme anbefalingar i media og via DSA. Statsforvaltaren i Vestland har god informasjon om dette.

Andre tryggleikstiltak

Dersom eit av Ukraina sine atomkraftverk skulle bli skada, kan radioaktivt nedfall finne vegen til Norge. Då kan andre tryggleikstiltak verte aktuelle, som at folk blir oppmoda til å halde seg innandørs. I så fall vil det i god tid komme informasjon om tiltak.

Tilfluktsrom

Som nemnt er det per no ingen varsel frå sikkerhetsmyndigheiter om auka trussel mot Norge. Trykk her om du ynskjer å setje deg inn i kvar du finn tilfluktsrom. Her finn du informasjon og kartoversikt.

Datatryggleik

Nasjonal sikkerhetsmyndigheit (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål, kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder.
NSM anbefaler at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar.

Som privatperson kan du vere ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale medier og på usikre nettsider. Følg generelle råd for datatryggleik.

Nokon å snakke med

Dersom du har bekymringar eller treng nokon å snakke med, finst det hjelpetilbod i Vaksdal kommune, og hos andre. Snakke med familie, vener eller kolleger. Du kan og ta kontakt med fastlegen din.

Trykk her for å komme til helsenorge.no sin oversikt over chat- og telefontenester der du kan snakke anonymt.

Trykk her for å komme til Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Her finn du gode råd om korleis ein kan snakke med barn og unge om kriser.

Korleis kan du hjelpe

Innbyggjarar spør også kva ein kan gjere for å hjelpe Ukraina. Mange humanitære organisasjonar er i gang med å hjelpe ukrainarar. Vi oppmodar til å følgje med på nyhende og andre informasjonskanalar dersom du ynskjer å hjelpe.

Har du bustad til flyktningar frå Ukraina?

Norge bur seg på å ta imot eit stort tal flyktningar frå krigen i Ukraina. Vaksdal kommune ønskjer å kartleggje tilgjengelege bustadar som kan takast i bruk raskt.

Slik sender du informasjon

Har du ein bustad du ønskjer å tilby kan du sende oss ein e-post med litt informasjon om bustaden: Storleik, tal rom, er det eige kjøkken/bad og andre relevante opplysningar.

Send e-post til: Ukraina@vaksdal.kommune.no

NB: Ikkje send personsensitiv informasjon som helseopplysningar og liknande.

Lenker til oppdatert informasjon frå myndigheitene

Trykk her for å komme til spørsmål og svar på regjeringen.no.

Trykk her for å komme til informasjon om krisen på udi.no


Sist oppdatert: 06.06.2023
Publisert: 04.03.2022