Branntryggleik i heim og hytte

Korleis kan du minske faren for brann i din heim?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Vi anbefaler likevel å montere fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redde dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikle seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande. 

Røykvarslar

Alle bustader - leilegheiter, rekkehus, privatbustader, hyblar og hytter - skal ha minst ein godkjent røykvarslar eller eit FG-godkjent brannalarmanlegg. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal kunne høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Eigaren av bustaden har ansvaret for å skaffe og montere røykvarslar. Brukaren av bustaden har ansvaret for å teste røykvarslaren og skifte batteri.

Skift batteri ein gong i året.

Dei fleste røykvarslarar lagar korte og svake pip når batteriet begynner å bli dårleg. Du må då skifte batteri så snart som mogeleg. Røykvarslarar bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Du kan bruke ein pinne eller liknande for å gjere det enklare å nå opp. Batteriet bør skiftast ein gong i året. Gjer det til ein vane å bytte batteri 1. desember, det er nemleg røykvarslarens dag. Hjelp også eldre du kjenner med å byte batteri denne dagen.

Seriekopla røykvarslarar

Røykvarslarane bør vere seriekopla slik at dei varslar samtidig. Alle i huset vil då bli varsla om brann i ein annan etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du skaffe varslarar som er berekna for dette. Samankoplinga er enkel og kan gjerast sjølv.

Ionisk eller optisk?

Det er fleire typar røykvarslarar, både optiske, ioniske og kombinasjonsvarslarar. Optiske røykvarslarar reagerer raskast ved ulmebrann, mens ioniske røykvarslarar reagerer raskast på open eld. Brannvesenet anbefalar optiske eller kombinerte varslarar.

Plassering er viktig

Plassering av røykvarslarar er svært viktig for kor raskt dei reagerer på røyk. Røykvarslarar skal monterast på høgaste punkt i taket og minimum 50 cm frå veggen. Varslaren bør monterast i rømmingsvegane, for eksempel i gangar som knyter fleire rom saman. I hus med fleire etasjar bør varslarane monterast nær trappene. Røykvarslarane skal kunne høyrast tydeleg på alle soverom og opphaldsrom når alle dører er stengde.

Test røykvarslaren med røyk

I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk. Bruk røyk frå testpinne, testspray eller vanleg fyrstikk for å teste om sjølve røykvarslaren reagerer på røyk. Dersom røykvarslaren ikkje reagerer med nytt batteri, er røykvarslaren defekt og må skiftast ut snarast.

Røykvarslarar bør minst ein gong i året reingjerast for støv og smuss. Ver varsam slik at du ikkje skadar elektronikken. Det blir anbefalt å skifte ut røykvarslarar som er eldre enn 10 år.

Sløkkjeutstyr

Alle bustader skal ha eigna sløkkjeutstyr. Det kan anten vere ein husbrannslange, eit pulver-, eller eit skumapparat. Sløkkjeutstyret skal monterast lett tilgjengeleg og må kontrollerast jamleg.

Det er eigaren av bustaden som har ansvar for å skaffe og montere sløkkjeutstyrDet er brukaren av bustaden som har ansvaret for å kontrollere at utstyret er i orden.

Husbrannslange

Husbrannslangen har uavgrensa sløkkjekapasitet. Slangen bør vere fast montert til ei kran og skal rekkje fram til alle rom i huset. Ein hageslange er ikkje godkjent som husbrannslange.

Vatn kan ikkje brukast mot brann i feittgryter, bensin og andre flytande stoff. Brann i feittgryter kan lett sløkkjast ved å legge på grytelokket. Trekk gryta vekk frå plata og skru av straumen.

Det er viktig å vedlikehalde og kontrollere sløkkjeutstyret. Husbrannslangen bør kontrollerast kvart år. Rull ut heile slangen og kontroller at krana verkar og at slangen er utan sprekker.

Pulverapparat

Pulverapparatet må vere på minst 6 kilo. Eit pulverapparat er lett å ta med seg og kveler ein brann effektivt. Det kan brukast på alle typar brann. Det blir midlertidig tømt på 10-20 sekund.

Sjekk at manometerpila står på det grøne feltet. Vend apparatet opp-ned for å hindre at pulveret klumpar seg. Dersom du held øyra inntil behaldaren skal du kunne høyre at pulveret flyttar seg. Sjekk at plomberinga er intakt og at det ikkje er skader på apparatet. Kvart femte år må pulverapparatet leverast inn til kontroll, og kvart tiande år til service. Kontroll og service må utførast av sertifiserte fagpersonar.

Skumapparat

Skumapparatet inneheld vannbasert skum som sløkkjer brann ved kveling og nedkjøling samtidig. Dette må anten vere 9 liter, eller 6 liter med sløkkjeeffekt på minst 21A. Eit skumapparat på 9 liter blir tømt på 20-30 sekund. Ver merksam på at skumapparatet ikkje tåler frost.

Rømmingsvegar

Ved ein brann er det viktig at alle som oppheld seg i bustaden raskt kan komme ut.

Snakk difor med familien om korleis de skal opptre ved brann, og korleis de skal komme dykk ut frå alle rom. Avtal ein fast møteplass utanfor huset.

Det er viktig å ha enkle rømmingsvegar frå bustaden og ut til det fri. Hald rømmingsvegane ryddige.

Kontroller at vindauge og dører er lette å opne, og vurder om det er behov for ekstra hjelpemidlar som rømmingsstige eller liknande.

Skulle det oppstå brann, hugs at brannrøyken er svært giftig. Unngå å flytte deg over lengre avstandar i røykfylte rom. Dersom dette likevel er nødvendig, hald deg lågt ved til dømes å krype på golvet. Dersom det er mørkt, orienter deg langs veggen, slik at du heile tida veit kvar du er.

I nokon tilfelle - dersom du veit at brannvesenet er på veg - kan det vere mest riktig å bli på rommet, eller til dømes ein balkong, til brannvesenet kjem. Gje i så fall tydelege signal om kvar du er, slik at du raskt får hjelp.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjere, er å ta ein «sløkkjerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekka, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Vi anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Born er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar borna kvar røykvarslaren er, test han, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre viss røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til huset, om de kjem bort frå kvarandre.

Komfyrvakt kan redde heimen din frå brann

Komfyren er den største brannkjelda i heimen, og dei fleste komfyrbrannar kjem av manglande merksemd, ikkje tekniske feil ved produktet.

- Ingen tek skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade dersom du gløymer det, seier brannsjef Leif Linde.


Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet hadde 304 brannutrykkingar til bustadar i Hordaland i 2018. Heile 50 prosent av utrykkingane skriv seg frå komfyren.

 - Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt manglande merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier brannsjefen.


Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustadar. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.


- Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen dersom du vert avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilator jamleg og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier brannsjef Leif Linde.

 Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

 Branntryggleik på hytta

Røykvarslar 

Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslar i alle bustader, hytter og fritidseigedomar. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Sjekk at batteriet i røykvarslaren fungerer kvar gong du kjem fram til hytta og ha gjerne med deg eit reservebatteri. Pass på at røykvarslaren er riktig montert i taket.

Sløkkjeutstyr

Brannsløkkjeutstyr er også påbode i fritidsbustad. Kontroller at sløkkjemiddel som brannslange eller brannsløkkingsapparat er lett tilgjengelege. Sjekk trykkmålaren og snu brannsløkkjeapparatet opp-ned et par gongar i året, om du har pulverapparat. Sløkkjeapparatet må kontrollerast jamnleg.

Rømmingsveg

Pass på at alle opphaldsrom har uhindra rømming til det fri. På vinterstid med mykje snø er det difor viktig å passe på at ein ikkje berre grev seg inn i hytta, men også at ein grev rømmingsvegar ut.

Fyr trygt 

Fyr med tørr ved og god trekk. Ikkje bruk brennbare væsker til opptenning. Ikkje sett oska utanfor hytteveggen. Kjøl den ned i ei sinkbøtte med metallok, plassert på fast plate eller steinhelle og i god avstand frå hytta.

Obligatorisk feiing

Alle hytteskorsteinar skal etter ny forskrift om brannførebygging, feiast på lik linje med hus. Kommunen avgjer når og kor ofte. Hytteeigar har meldeplikt til det lokale brannvesenet om tilstanden på pipe og fyringsanlegg, samt om det har blitt installert ny eldstad.

Om du oppdagar skorsteinsbrann, steng snarast alle ventilar og luker som fører til skorsteinen. Ver spesielt merksame på peisspjeld, og eventuell røykutvikling ved etasjeskilje og andre stader der treverk og anna brennbart materiale kjem inn til skorsteinen.

Levande lys 

Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå lys. Bruk berre brannsikre lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje komme i nærleiken av ting som kan brenne. Ver difor spesielt merksam på avstand til gardiner og andre tekstilar, dersom du luftar gjennom vindauge.

Kle til tørk

Dekk ikkje til varmekjelder og ikkje tørk kle rett på omn eller peis. Pass på at kle som heng til tørk i nærleiken av varmekjelder er hengt skikkeleg fast, slik at dei ikkje kan gli ned, eller blir hengande for tett innpå varmekjelda.  

Propan 

Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamnleg propanutstyr, slangar og koplingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkkje etter lekkasjar. Kople gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gnistar, som for eksempel ein lysbrytar. Luft først godt ut og finn så eventuelle lekkasjar.

Eigenkontroll av branntryggleik

Trykk her for å laste ned skjema for eigenkontroll av  branntryggleiken i bustaden


Sist oppdatert: 06.06.2023
Publisert: 26.07.2018