Om Vaksdal brannvesen
Kontaktinformasjon
Koordinator, brannvern Brede Tjønneland
- Mobil: 488 80 323
- E-post: Brede.Tjonneland@vaksdal.kommune.no
Brannvakt
- Telefon: 959 87 632
Om Vaksdal brannvesen
Vaksdal har to brannstasjonar lokalisert på Dale og Vaksdal, i tillegg til eit branndepot på Eidslandet.
Brannvesenet i Vaksdal består av 36 deltidsmannskap. Av desse er det ti utrykningsleiarar i vaktordning, fordelt på fem vaktlag. Vaksdal har éin brannkoordinator i 40 prosent stilling.
Vaksdal brannvesen har også ei first responder-teneste.
Samarbeidsavtale mellom Bergen brannvesen og Vaksdal kommune
Bergen brannvesen har totalansvaret for brann- og redningstenesta i Vaksdal kommune. Brannsjefen i Bergen brannvesen er dermed også brannsjef i Vaksdal kommune. Ved hendingar er lokal utrykningsleiar frå Vaksdal brannvesen delegert leiaransvaret inntil eventuell representant frå Bergen brannvesen, normalt utrykningsleiar i Arna brannstasjon, kjem til skadestaden.
Vaksdal kommune har arbeidsgjevaransvaret for brann- og redningspersonell som inngår i den lokale beredskapsstyrken i kommunen. Kommunen har også ansvar for drift og vedlikehald av eigne brannstasjonar, utrykningskøyretøy og anna materiell.
Brannførebyggjande oppgaver
Bergen brannvesen har ansvar for å gjennomføre informasjons- og motivasjonstiltak i kommunen om fare for brann, farer ved brann, brannverntiltak og opptreden i tilfelle av brannar og andre ulykker. Bergen brannvesen har ansvar for å gjennomføre tilsyn av særskilte brannobjekt.
Brannsjef, Bergen brannvesen Janicke Larsen
- Telefon: 472 92 567
- Telefon Bergen brannvesen: 53 03 00 00