HjemHelse, sosial, omsorg, bustadAktiviteten dagsenter

Aktiviteten dagsenter

Kva skjer på Aktiviteten?

Me har mange ulike aktivitetar i løpet av ein dag. Aktivitetstilbodet er tilpassa interessene til dei som kjem her. Me legg opp til eit variert tilbod av aktivetarar i fellesskap, men det er også rom for å trekkje seg tilbake for eigenaktivitet.

Døme på aktivetar kan vere:

  • Handarbeid og hobby-aktivetar
  • Hagestell/kjøkkenhage
  • Felles måltid
  • Tur i nærområdet
  • Tilpassa trim/trening
  • ADL-funksjonar
  • Velvære som manikyr/pedikyr (personleg velværeutstyr må ein halde sjølv)
  • Ulike spel
  • Musikk og song
  • Kurs og læring

Me har eit eige sanserom

Her har me vann- og musikkseng, med lys og lydstimullering. Her kan du finne ro og bruke sansane dine.

Korleis blir du kjent med oss og me kjent med deg?

Dersom du får innvilga vedtak om dagsenter i Elvevegen, inviterer me inn til eit «Bli-kjent-møte». I møtet undersøkjer me kva interesser du har og kva aktivitetar du likar. Me legg ein plan for oppstart saman med deg og dine pårørande/verge.

Kva kan du forvente av oss som arbeider her

  • Me møter deg med respekt og har dine ynskjer og behov i fokus.
  • Me har teieplikt. Det vil sei at me ikkje fortel andre om deg og ditt behov.
  • Dersom du bur i Elvevegen, får du mat levert heim til deg dei dagane du ikkje kan eller ynskjer å stille på dagsenter

Kva forventar me av deg som bruker dagsenteret

  • At du gjev beskjed dersom du ikkje kan møte ein dag.
  • At du gjev oss tilbakemelding om behov og ynskjer, anten sjølv eller ved hjelp av pårørande/verge.
  • At du viser hensyn til dei andre brukarane på dagsenteret
  • At du har innesko som du kan bruke på dagsenteret
  • At du tek med deg gode ytterklede dei dagane me skal ut på tur
Praktisk informasjon

Dagsenteret i Elvevegen er eit aktivitetstilbod for personar med utviklingshemming.

Me heldt til i Elvevegen nr 5 og har opent alle ordinære vekedagar (måndag-fredag). Me har stengt på heilagdagar.

Opningstida vår er 8.30 – 14.45

Mat og aktiviteter er inkludert i prisen.

Me serverer frukost, mellommåltid og middag i opningstida.

*Dersom me reiser på lengre utflukter og har utgifter i forbindelse med inngangsbillettar eller liknande, må du betale for dette. Du kan velje å ikkje delta aktivitetar som kostar ekstra. Du får informasjon om pris i forkant.

Kva koster det

Trykk her for å komme til prisoversikt.

Søknad om plass på dagsenter

Send ein søknad om plass til:

Forvaltningskontoret i Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgt 16
5722 Dalekvam

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om Aktiviteten dagsenter, vedtak, klage eller ny søknad, kontakt forvalningskontoret

  • Ann Marit Mehus Lie: 48880319
  • E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Postadresse:
Forvaltningskontoret i Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgt. 16
5722 Dalekvam

Kontaktinformasjon Aktiviteten dagsenter:

  • E-post: post.aktiviteten@vaksdal.kommune.no
  • Telefon 408 01 706

Avdelingsleiar i Elvevegen, Nina Jakobsson


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 17.02.2022