Tilskot til etablering i kommunen

Tilskot til etablering i heile kommunen
  • Du kan søkje etableringstilskot på 100.000,- kroner ved nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 40 kvm. 
  • Du må eige heile eigedomen.
  • Dersom det er fleire eigarar må alle eigarar oppfyller vilkåra.
  • Du må søkje om etableringstilskot innan 6 månader etter dato for utsett ferdigattest. Det er ein forutsetning at du er folkeregistrert på adressa, og at du skal bruke bustaden sjølv. Kjøp av bustad for framleige er ikkje gyldig.
  • Tilskotet gjeld nybygg på gards- og bruksnummer kor det ikkje tidlegare har vært bustader.
  • Du kan få etableringstilskot til nybygg ein gong. Så lenge dei øvrige krava er oppfylte, spiller det ingen rolle om du tidlegare har bygd bustad i kommunen. Du kan ikkje få tilskot om du har fått det tidlegare.
Tilskot til etablering i Eksingedalen, Eidslandsområdet, Stamnes og Bergsdalen

Nybygg

Vil du etablere deg i desse områda kan du få etableringstilskot på 300.000,- kroner ved nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 50 kvm. Du må vere eigar til heile eigedomen.

Dersom eigedomen har fleire eigarar kan de få tilskot dersom alle eigarane oppfyller vilkåra.

Dersom det vert bygd utleigebustad i tilknyting til nybygget, vert tilskotet auka til 350.000,- kroner.

Eksisterande bustad

  • Vil du kjøpe eksisterande husvære kan du få tilskot på 100 000,- kroner.
  • Gjeld gardsnummer 36-37 og 54-69 (Eksingedalen) 35 og 39 (Eidslandsområdet) og 70-80 (Bergsdalen). Det gjeld og eigedomar med postadresse Stamnes.
  • Du må vere eigar til heile eigedomen. Dersom det er fleire eigarar kan de få tilskot dersom alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.
  • Du må søkje om etableringstilskot innan 6 månader etter tinglyst kjøp. Det er ein føresetnad at du er folkeregistrert på adressa, og at du skal bruke bustaden til eigen bustad. Du får ikkje tilskot til kjøp av bustad for framleige.
  • Du kan få etableringstilskot til kjøp av eksisterande bustad ein gong. Så lenge dei øvrige krava er oppfylte, spiller det ingen rolle om du tidlegare har eigd bustad i kommunen, men du kan ikkje få tilskot meir enn ein gong.
Stimuleringstilskot til unge under 35 år
  • Alle under 35 år som kjøper eige husvære i kommunen kan søke om stimuleringstilskot, kr 25.000,-.
  • Beløpet gjeld for kvar enkelt eigar.
  • Du må søkje om stimuleringstilskot innan 6 månader etter tinglyst kjøp. Du må søkje seinast den månaden du fyller 35 år. Det er ein føresetnad at du er folkeregistrert på adressa, og at du skal bruke bustaden til eigen bustad. Du får ikkje tilskot til kjøp av bustad for framleige.
  • Du kan få stimuleringstilskot til kjøp av eksisterande bustad ein gong. Så lenge dei øvrige krava er oppfylte, spiller det ingen rolle om du tidlegare har eigd bustad i kommunen, men du kan ikkje få tilskot meir enn ein gong.
Verdibrev til deg som går ut 10. klasse i Vaksdal kommune
  • Når du går ut 10. klasse i Vaksdal kommune får du eit verdibrev frå kommunen.
  • Verdibrevet kjem i tillegg til generelle stimuleringstiltaket.
  • Verdibrevet er personleg og må nyttast til etablering i kommunen innan du fyller 35 år.
Slik søkjer du

Klikk her for å opne søknadsskjema for tilskot for etablerarar i kommunen. 
Sjå generelle vilkår og retningslinjer for meir informasjon om vedlegg og krav.

Send inn skjema med vedlegg til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Generelle reglar og vilkår for tilskota
  • Du må leggje ved kopi av grunnbok til eigedommen som viser heimelshavar (eigar)  til alle søknader. Trykk her for å finne kopi av grunnbok til eigedommen frå kartverket.
  • Du må leggje ved kopi av ferdigattest som vedlegg til søknader for nybygg.
  • Øvre aldersgrense for søknad om tilskot er 60 år. Du må søkje seinast den månaden du fyller 60 år. Det er ein føresetnad at du er folkeregistrert på eigedommen, og at øvrige vilkår er oppfylt.
  • Ved søknad om stimuleringstilskot for deg under 35 må søknaden føreligge senast den månaden heimelshaver (eigar) fyller 35 år. 
  • Ein kan få stimuleringstilskot ein gong, ein kan allikevel søkje om tilskot til nybygg om ein på eit seinare tidspunkt skal byggja/kjøpa nybygg.
  • Tilskota er eingongstilskot.
  • Bustaden må være heilårshusvære.
  • Ein kan ikkje kombinera ulike tilskot.
  • For tilskot til bustadbygging: Bustaden må nyttas til bustad i 5 år frå ferdigattest. Om bustaden vert nytta til andre føremål (eks. fritidsbustad), skal tilskotet betalast attende forholdsmessig for tida som er att.
  • Ved nybygg etter brann, oppbygging av skada hus el. vil det ikkje ytast tilskot. Tilskotet gjelder nybygg kor det ikkje har vært bustad på eigedomen tidlegare.

Utbetaling av tilskotet: 
Tilskotet til bustadbygging vert utbetalt når ferdigattest ligg føre.

  • Tilskot til kjøp vert utbetalt når tinglyst kjøpekontrakt ligg føre, heimel er overført og heimelshavar(ane) (eigar) er registrert i folkeregisteret som busett på eigedomen.

Avgjerd:

  • Kommunedirektør tek avgjerd i saker om tilskot.
  • I saker av prinsippiell karakter kan kommunedirektøren legge fram sak til Formannskapet for avgjerd.

Klageadgang

  • Formannskapet kan ta avgjerd i klagesaker etter forvaltningslova sine regler.

Sist oppdatert: 24.06.2024
Publisert: 02.10.2018