Tilskot til etablering i kommunen

Er du mellom 18 og 35 år og vil etablere deg i Vaksdal kommune, kan du søkje om etableringstilskot.

Slik søkjer du

Klikk her for å opne søknadsskjema for tilskot for førstegangsetablerarar i kommunen.

Send inn skjema med vedlegg til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Tilskot til etablering utanom Eksingedalen, Eidslandet og Bergsdalen

Er du førstegangsetablerar kan du få etableringstilskot på 50.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 50 kvm. 

Etablering i Eksingedalen, Eidslandsområdet og Bergsdalen

Nybygg

Vil du etablere deg i desse områda kan du få etableringstilskot på 300.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære. Søkjar må vere heimelshavar til heile eigedomen.

Dersom eigedomen har fleire heimelshavarar kan det gjevast eit tilskot dersom begge/alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.

Dersom det vert bygd utleigebustad i tilknyting til nybygget, vert tilskotet auka til 350.000,- kroner.

Eksisterande bustad

Vil du kjøpe eksisterande husvære kan du få tilskot på 10% av kjøpesummen. Maksimalt tilskot er 100 000,- kroner.

Stimuleringstilskot til alle unge frå Vaksdal kommune

Alle unge i Vaksdal kommune får eit verdibrev på 25 000,- kroner frå kommunen når dei går ut 10. klasse. Verdibrevet er personleg og må nyttast til førstegangsetablering i kommunen innan fylte 35 år.

Generelle reglar og vilkår for tilskota

Utbetaling av tilskotet: 
Tilskotet til bustadbygging vert utbetalt når ferdigattest ligg føre

  • Tilskot til kjøp vert utbetalt når tinglyst kjøpekontrakt ligg føre, heimel er overført og heimelshavar(ane) er registrert i folkeregisteret som busett på eigedomen.

Avgjerd:

  • Rådmann tek avgjerd i saker om tilskot.

Bindingstid:

  • For tilskotsordninga til bustadbygging: Bustaden må nyttast til bustad i 5 år frå ferdigattest. Om bustaden vert nytta til andre føremål, skal tilskotet betalast attende forholdsmessig for tida som er att.

Avgrensingar:

  • Tilskot til bustadbygging er eit eingongstilskot.
  • Det vert berre gjeve tilskot til bygging av heilårshusvære.

Klageadgang

  • Formannskapet kan ta avgjerd i klagesaker etter forvaltningslova sine regler.

 


Sist oppdatert: 22.04.2022
Publisert: 02.10.2018