Dagsenter

Dagsenter er eit tilbod til eldre som bur heime. Her får du tilbod om sosiale aktivitetar og gode næringsrike måltid. Ønskjer du eit dagopphald, må du sende søknad til Forvaltningskontoret.

Kva får du?
  • Du kan få plass ein til fem dagar i veka. Kor mange dagar du får tilbod om heng saman med kva du ønskjer og kva vi har kapasitet til.
  • Du får tilbod om frukost og middag
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod
  • Du kan få tilbod om skyss
Krav til søkjar
  • Du bur heime
  • Du har vanskar med å kome deg ut av huset på eiga hand
  • Du ønskjer å møte andre
Kvar er vi og når er vi open

Dale:

  • Dagsenteret er i 3. etasje på Helsehuset. 
  • Open måndag, tysdag, torsdag. Her finn du oss.

Vaksdal:

Stamnes:

  • Sveobrekko, Grupevegen. 
  • Open torsdagar. 

Frukosten startar klokka 09.00. Middag startar klokka 13.00. 

Du blir henta mellom klokka 0800 og 0845 og blir køyrd heim att mellom klokka 1330 og 1400. 

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse - og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. 

Du kan Velge mellom tre ulike måter å sende søknad:

1. Elektronisk via eDialog

Korleis logga inn i eDialog

  • Trykk her for å logge inn i eDialog.
  • For å nytte tenesten, må du logge på/autensiere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokument du vil sende inn

2. Lever søknad og vedlegg på Heradshuset på Dale

3. Send i posten til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og  tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svar.
Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar her. 

Kontaktinformasjon
Har du spørsmål, ta kontakt med oss

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Line Cecilie Tveit

Sakshandsamar Thea Tufte

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam

 


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 01.06.2018