Førebyggande heimebesøk
Kvifor førebyggande heimebesøk?
Vi ønskjer å bidra til å styrke dine moglegheiter til å bu trygt heime lengst mogleg, og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag. Det å få helseførebyggjande informasjon tidleg, kan vere til god hjelp for deg.
Kva skjer i heimebesøket?
Tema i samtalen er tilpassa deg og dine behov, og kan for eksempel vere:
- Tilbod og aktivitetar i kommunen
- Kvardagsliv og sosialt nettverk
- Fysisk aktivitet, eigne ressursar og meistring
- Kosthald
- Buforhold og tryggleik i heimen
- Hjelpemiddel
- Medisinhandtering
Pris
- Tilbodet er gratis.
Ønskjer du heimebesøk eller meir informasjon, ta kontakt med forvaltningskontoret
- Ann Marit Mehus Lie, telefon: 488 80 319
- Line Tveit, telefon: 488 80 310
Sist oppdatert:
05.06.2023
Publisert:
26.05.2023