Heimesjukepleie
Heimesjukepleie gir hjelp og rettleiing, til eldre, sjuke og personar med funksjonstap som bur heime.
Vakttelefon - til deg som har tenester frå oss
- Daleområdet - 915 76 791
- Vaksdalområdet - 916 04 759
- Stamnesområdet - 915 72 981
Leiar for heimesjukepleie Maria Kolstad
- Mobil: 488 80 338
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse - og omsorgstenester.
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post.
Du kan Velge mellom tre ulike måter å sende søknad:
1. Elektronisk via eDialog
Korleis logga inn i eDialog
- Trykk her for å logge inn i eDialog.
- For å nytte tenesten, må du logge på/autensiere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
- Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokument du vil sende inn
2. Lever søknad og vedlegg på Heradshuset på Dale
3. Send i posten til:
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svar.
Kva kostar det?
Heimesjukepleie er gratis.
Kva får du?
Du kan mellom anna få hjelp til :
- Medisinhandtering
- Dagleg stell
- Råd og rettleiing om kosthald og helse
- Råd og retteleiing slik at du sjølv kan meistre oppgåver som til dømes å lage til medisin, skifte stomi med meir.
- Å stå opp, legge deg og toalettbesøk
Krav til søkjar
Du treng hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.
Har du spørsmål, ta kontakt med forvaltninga
E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no
Koordinator Ann Marit M. Lie
- Mobil: 488 80 319
Sakshandsamar Line Cecilie Tveit
- Mobil: 488 80 310
Sakshandsamar Thea Tufte
- Mobil: 453 77 963
Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam
Lovar og reglar
- Lov om pasient- og brukarrettar
Denne lova seier kva du har krav på og kva rettar du har som pasient. - Helse- og omsorgstjenestelova
Denne lova handlar mellom anna om bruk av tvang mot personar med ei psykisk utviklingshemming eller rusmisbrukarar. - Pasient- og brukarombudet
På denne sida får du nyhende om pasientrettar og kontaktinformasjon til omboda i ditt fylke. - Norsk pasientforening
Foreninga gir både informasjon og praktisk hjelp til pasientar og pårørande.