Hjelpemiddel

Om du har behov for hjelpemiddel, er det fleire ulike søkjeprosessar.

Slik søkjer du

Langvarig eller varig hjelpemiddel

Treng du varig hjelpemiddel eller hjelpemiddel over lang tid, må du sende eit tilvisningsskjema til ergoterapeut.

Skjemaet finn du her (pdf). 

Send søknaden til:

  • Ergoterapitenesta
  • Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.

Ergoterapeut sender søknad til Hjelpemiddelsentralen, som svarar direkte til deg. 

Kortvarige hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel for ein kort periode (inntil to år) er det mogeleg å låne hjelpemiddel. 
Typiske hjelpemiddel du kan få låne i ein kort periode er rullator, dusjstol, bekken og toaletthøgar.

Dersom du treng syns- eller høyrselshjelpemiddel må du ta kontakt med lege som kan tilvise vidare.

Kva kostar det?

Det er gratis når du får innvilga hjelpemiddel.

Det kan vere eigenbetaling på nokre heilt spesielle hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen. 

Kontaktinformasjon

For spørsmål angåande langvarige hjelpemiddel:

For spørsmål angåande kortvarige hjelpemiddel, ta kontakt med Thor Andersen


Sist oppdatert: 05.06.2023
Publisert: 01.06.2018