Demensteam

Kjenner du nokon som opplev noko av følgjande?

  • Gløymer innlærde ferdigheitar
  • Forsterka personlegdomstrekk eller oppførsel
  • Humørsvingingar
  • Gløymer nylege hendingar, gjentek historiar
  • Forvirring i forhold til tid og stad

Demens er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdomar i hjernen som er kjenneteikna ved svikt av intellektuelle funksjonar, kjenslemessig kontroll og funksjonsevner med dagleglivet sine utfordringar.

Demensutredning

Hukommelsesproblem er ikkje alltid eit teikn på demens. Ein lyt skilja mellom demens frå normal aldring og sikra rett behandling til rett tid. Tideleg utredning og diagnostisering er viktig slik at rett tiltak og tilrettelegging vert sett i verk ovanfor den personen det gjeld og pårørande.

Vi i demensteamet ønskjer å arbeida for openheit om demenssjukdom, auka kunnskap om ulike demenssjukdomar og støtte og rettleiing til personer med demens og deira pårørande.

Kven kan kontakte oss?
  • Fastlegar
  • Helsepersonell i kommunen
  • Enkeltpersonar, pårørande eller andre
Kontaktinformasjon

Du kan kontakte demensteamet på telefon måndag til fredag frå klokka 09.00-15.00.

Bilete av demensteamet, Thea og Line

Line Tveit, sjukepleiar

Thea Tufte, ergoterapeut

E-post: demensteam@vaksdal.kommune.no

Open demenslinje hos Nasjonalforeininga for folkehelse

Nasjonalforeininga for folkehelsa har open demenslinje måndag til fredag kl. 09.00-15.00.


Sist oppdatert: 15.04.2024
Publisert: 20.09.2022