Helsestasjon

Kontaktinformasjon 

Til deg som er under 20 år. Er du bekymra og treng nokon å snakke med?

Kontakt oss på telefon, e-post eller snap, eller stikk innom.

Helsestasjonen finn du på Heradshuset i 1.etasje.

Besøksadresse:
Konsul Jebsensgate 16

5722 Dalekvam

Opningstider

Måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00

E-post: helsestasjonen@vaksdal.kommune.no

Timeavtalar

Send gjerne ein SMS eller e-post om du ynskjer å endre time eller å komma i kontakt med oss. Dersom du ikkje kan nytte tildelt time, er det fint om du gjev beskjed på førehand.  

Alle barn har rett til regelmessig helsestasjonskontakter. Dersom me ikkje høyrer frå dykk, har helsestasjonen innkallingsrutiner som sikrer at bornet får det tilbudet det har rett til.

Helsesjukepleiar - Brith Kydland 
Helsesjukepleiar - Katrine Hesjedal-Johannessen 
Jordmor Britt-Heidi Tefre 

time etter avtale - kontakt Brith Kydland

Miljøarbeidar Trond Olav Magnussen

Mobil: 408 01 911

E-post: Trond.Olav.Magnussen@vaksdal.kommune.no

Du får tak i Trond Olav på heradshuset på Dale:

  • Onsdag 11.30 – 15.30
  • Torsdag 08.00 – 15.30
  • Fredag  08.00 – 15.30

Periodevis eller ved behov er miljøarbeidaren  tilgjengelig etter arbeidstid.

Psykolog 

Ønskjer du å snakke med kommunepsykologen, ta kontakt med helsesjukepleiar, 

Fysioterapeut Sol Kari Terjesen Boge

E-post: sol.kari.terjesen.boge@vaksdal.kommune.no

Følg oss gjerne på sosiale medier

Facebook-logo

Instagramlogo  #dalehelsestasjon

Om helsestasjonen

Helsestasjonen er eit tilbod til sped- og småborn og familiane deira. Helsestasjonen driv helsefremjande og førebyggjande arbeid og følgjer borna med faste kontrollar fram til dei byrjar på skulen. 

På helsestasjonen møter du helsesjukepleiarar, lege, psykolog og fysioterapeut. Her arbeider også jordmor. Me samarbeider med andre tenester som fysio- og ergoterapeuter, barnehage, barnevern, fastlegar, sjukehus og PPT. Du treff helsesjukepleiar ved kvar konsultasjon. Barnet vert undersøkt av lege ved 6 veker, 6 mnd., 12 mnd. og 2 år. Det er sett av 30 min for dei ulike konsultasjonane. Kontakt med psykolog og fysioterapeut vert formidla ved behov.  Alt personale ved helsestasjonen har teieplikt. 

Kva gjer me?

Helsestasjonen har som mål å ivareta spedbarns og småbarns fysiske, psykiske og sosiale helse. Me tilbyr blant anna undersøkelse av sped og småbarn, helseopplysning og vaksinasjon. Ved helsestasjonen kan de få rettleiing og støtte i spørsmål knytta til bornet si vekst, utvikling og trivnad. 

Om helsestasjonsprogrammet

Mål

  • At foreldra opplever meistring i foreldrerolla
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og born
  • Å fremje fysisk, psykisk, og sosial utvikling hjå sped- og småborn
  • Å førebyggje, avverje og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • Å bidra til at born får oppfølging og vert henvist vidare ved behov 
 

Alder

Helsesøster

Lege

Vaksiner

Nyfødd

(7-10 dagar)

Tilbod om heimebesøk. Vekt og hovudmål

 

 

 

2-4 veker

Tilbod om vektkontroll og rettleiing. Hovudmål

 

 

 

6 veker

Vekt og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Rotarix= vaksine mot Rotavirus. (Drikkevaksine)*

3 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging, vaksinering

 

Rotarix, Hexyon= 6-komponentsvaksine og Prevenar13= vaksine mot pneumokokkinfeksjon)

4 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

5 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Hexyon og Prevenar13

6 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

x

 

7-8 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

10 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

12 mnd

Vekt, lengde og hovudmål. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

x

Hexyon og Prevenar13

15 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging. Vaksinering

 

 

Priorix = vaksine mot meslinger, kusma, røde hunder (MMR)

18 mnd

Vekt og lengde. Rettleiing og kartlegging

 

 

 

2 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk. Rettleiing

 

x

 

4 år

Vekt og lengde. Kartlegging av språk, syn og motorikk. Rettleiing

 

 

 

* Born med foreldre frå land med høg forekomst av tuberkulose får tilbod om BCG-vaksine frå 6 veker- 6 mnd alder. 

Se oversikt over helsestasjonsprogrammet på Helsedirektoratets hjemmeside i PDF. 

Sjuke born

Hovudregelen er at sjuke born ikkje skal på helsestasjonen, dette for å beskytte dei minste borna for smitte. Me kan eventuelt gje rettleiing per telefon dersom du er usikker på om bornet ditt treng legetilsyn.  

Dersom bornet ditt er sjukt og du har behov for lege, kontakt fastlege eller legevakt (116 117).


Sist oppdatert: 11.10.2021
Publisert: 01.06.2018