HeimHelse, sosial, omsorg, bustadHelsehjelpKommuneoverlegen og miljøretta helsevern

Kommuneoverlegen og miljøretta helsevern

Kva er miljøretta helsevern?

Miljøretta helsevern er kort fortalt at folk skal ha eit miljø som ikkje gjev dei negative helseeffektar. Kommuneoverlegen har ansvar for miljøretta helsevern i Vaksdal kommune. Her kan du lese om nokre av dei oppgåvene kommuneoverlegen gjer, og kva plikter ulike verksemder har overfor kommuneoverlegen.

Korleis gje melding til kommuneoverlegen

Kommuneoverlegen har samarbeidsavtale med avdelinga Miljørettet helsevern i Bergen kommune. Det er kommuneoverlegen som har rett til å avgjere korleis eit vedtak skal vere. Miljørettet helsevern gjer sakshandsaminga.

Ole Thorset er kommuneoverlege i Vaksdal

Trykk her for kontaktinformasjon for Miljøretta helsevern. 

Hastar det tek du direkte kontakt med:

Barnehagar og skular

Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern fører tilsyn med og godkjenner barnehagar og skular. Tilsynsfrekvensen varierer frå årleg til kvart åttande år.

Barnehagar skal søke om uttale til planar før dei gjer endringar med barna sitt leikeareal. Skular skal søke om uttale til planar før dei gjer endringar med elevane sitt undervisningsareal. Det skal også sendast søknad når  ein startar nye barnehagar og skular, utvidar dei, eller flyttar dei. 

Barnehagar og skular skal søke om helseverngodkjenning når det er starta ein ny barnehage eller skule, og når det er gjort endringar med barna sitt leikeareal eller elevane sitt undervisningsareal.  

Barnehagar og skular skal gje melding når det er alvorlege eller langvarige utbrot av smittsame sjukdommar, når det har skjedd alvorlege skadar, hendingar eller nesten-ulykker med barn, når ikkje-akutte tilhøve som kan påverke barna si helse negativt ikkje vert retta opp innan rimeleg tid, og når det er tilhøve rundt barnehagen som kan ha negativ innverknad på barna si helse. Meldinga skal sendast til Miljørettet helsevern. Meldinga skal gjevast på telefon dersom det er noko som hastar.

Barnehagar og skular kan ta kontakt med kommuneoverlegen eller Miljørettet helsevern dersom dei ynskjer fagleg rettleiing.

Foreldre og føresette kan klage dersom miljøet i barnehagen eller skulen ikkje er godt nok.

Støy, forureining og skadedyr

Dersom du vert utsett for støy, forureining eller skadedyr frå omgjevnadene kan du klage.
Dette kan til dømes vere:

  • Dersom ei verksemd støyar slik at det gjev deg helseplagar.
  • Dersom ei verksemd i nærleiken slepp ut røyk, støv eller lukt slik at det gjev deg helseplagar.
  • Dersom naboen har dyr som bråkar slik at det gjev deg helseplagar.
  • Dersom nokre i nærleiken riv asbest slik at fiber kan spreie seg i lufta.
  • Dersom det røykast inne på ei verksemd som er open for publikum.
  • Dersom du vert plaga av skadedyr i naboeigedom.
Boblebad og svømmebasseng

Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern fører tilsyn med boblebad og svømmebasseng. 
Alle verksemder som har eit boblebad eller eit svømmebasseng må melde frå til Miljørettet helsevern. 

Dersom du har vitja eit boblebad eller svømmebasseng og blitt sjuk eller ikkje tykte hygienen var god nok, kan du klage til Miljørettet helsevern.

Inneklima

Dersom du bur i ein bustad du ikkje eig sjølv, og mistenker at inneklimaet gjer deg sjuk, kan du søke Miljørettet helsevern om å undersøke bustaden.

Solarium

Dersom du leiger ut solarium til publikum må du melde frå. Dette gjeld også om du utvidar verksemda.

Tatovering og piercing

Tatoverings- og piercingslokale skal vere godkjent. Dette gjeld også permanent make-up og «ørepistol».

Kjøletårn og luftskrubbar

Alle kjøletårn og luftskrubbarar må vere meldt til kommunen, og Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern skal føre tilsyn med desse.
Verksemder som skal få kjøletårn eller luftskrubbar må gje melding til Miljørettet helsevern.

Terapiriding

Fysioterapeutar som ynskjer å tilby terapiriding må ha ei fråsegn frå kommuneoverlegen for å få støtte frå Helfo. Miljørettet helsevern fører tilsyn annakvart år.

Legionella

Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern forsøker å spore opp smittekjelda når nokon har blitt sjuk av legionellabakteriar, for å hindre at fleire vert smitta. Når kommuneoverlegen får melding om at nokon har blitt sjuke, tek vi bakterieprøvar heime i dusjen deira, eller hjå verksemder der den sjuke kan ha blitt smitta.

Asylmottak og hospits

Dersom du skal starte asylmottak eller eit hospits (ein bustad utan vanleg husleigekontrakt som kommunen skaffar til personar som ikkje kan skaffe bustad sjølv), må du gje melding om dette før lokala vert tekne i bruk.

Dagmamma

Dagmammaer må ha helseverngodkjenning dersom dei har ansvar for 3 eller fleire barn. Eigne barn under skulealder tel med.

Regelverk

Miljøretta helsevern omfattar ikkje tilhøve for tilsette. Her må du kontakte Arbeidstilsynet.


Sist oppdatert: 28.01.2021
Publisert: 09.05.2019