HeimHelse, sosial, omsorg, bustadHelsehjelpMisbruk, incest og overgrep

Misbruk, incest og overgrep

Kontaktinformasjon

  • Bergen legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsofre - telefon 55 56 87 60
  • Krisesenteret i Bergen - døgnope - telefon 55 31 50 50, e-post: post@bergenkrisesenter.no
  • Støttesenter mot incest og seksuelle overgrep, SMISO Hordaland - døgnope - telefon 800 57 000, e-post: post@smiso-hordaland.no  

Kva koster det?

  • Tilbodet er gratis

Kva hjelp kan du få?

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Klikk her for å lese mer om Bergen legevakt

Krisesenteret i Bergen kan hjelpe deg med:

  • Nokon å snakke med
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi eller andre
  • Ein trygg og mellombels bustad

Trykk her for å lese meir om krisesenteret.

Kvifor kontakte Senter mot incest og seksuelle overgrep - SMISO?

  • Du kan få kunnskap om forskjellige måtar å bearbeide traumer på.
  • Du kan bruke senteret slik du finn det best. Det kan vere ein kort periode, eller lengre periode.
  • På senteret møter du også andre som har opplevt seksuelle overgrep.
  • Målet er å gå vidare i livet utan for mange løyndomar og smerter.
  • Ønskjer du å vite meir om senteret, kan du ringe eller sende ein e-post. Du kan vere anonym og alle tilsette og brukarar har teieplikt.

SMISO jobbar etter hjelp til sjølvhjelp prinsippet. Gjennom ulike tilbod som samtalar og grupper kan vonde opplevingar snakkast om og bearbeidast

Trykk her for å lese meir om SMISO.

Trykk her for å kome til Dinutvei.no – nasjonal vegvisar ved vald og overgrep

Trykk her for å komme til Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte


Sist oppdatert: 02.04.2020
Publisert: 10.12.2018