Skulehelsetenesta

Kontakt

Korleis kome i kontakt med skulehelsetenesta?

  • Elevane vert kalla inn til helsesjukepleiar etter skulehelseprogrammet
  • Foreldre/barn/ungdom kan sjølv ta kontakt
  • Lærarar formidlar kontakt på vegne av føresette
Kva gjer helsesjukepleiar?

Helsesjukepleiar kan snakke med deg om foreldre, skilsmisser, sjukdom, mobbing, pubertet, kjæraste, vennskap, angst, depresjon, spiseforstyrring, seksuell identitet. Prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar kan også vere aktuelle tema.

Kontortid ved skulane:                                                          

Dale skule 1-7 trinn - Torsdagar 09:00-13.30 

Dale skule 8-10 trinn - Tysdagar 9-14

Eksingedalen skule - Kvar tredje tysdag

Stamnes skule - Tysdagar 09.30-13.30

Kontaktinformasjon

Dale og Stanghelle 1. - 7. trinn

Helsesjukepleiar Anne-Elisabeth Lillevik

Mobil: 453 74 081

E-post: anne.elisabeth.lillevik@vaksdal.kommune.no

Dale 1. - 7. trinn/ Eksingedalen/ Stamnes

Helsesjukepleiar Brith Kydland

Mobil: 488 80 383

E-post: brith.kydland@vaksdal.kommune.no

 

Dale 8. - 10. trinn

Helsesjukepleiar Katrine Hesjedal-Johannessen

Mobil: 408 01 786 

E-post:  katrine.hesjedal-johannessen@vaksdal.kommune.no

Snapchat: skulehelsesysto

Ønskjer du kontakt med kommunepsykologen, kontakt helsesjukepleiar.

 

Finn oss i sosiale medier 

Følg gjerne Dale Helsestasjon på Facebook og Instagram 

Facebook-logo

Instagramlogo

Kva er skulehelsetenesta?

Alle grunnskular og vidaregåande skular skal ha tilbod om skulehelseteneste. Føremålet med skulehelsetenesta er å fremja fysisk og psykisk helse og å bidra til at alle elevane har eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Tilbodet er retta mot eleven sjølv, familien og skulemiljøet i sin heilskap.

Skulehelsetenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinerer etter barnevaksinasjonsprogrammet og kan gi råd og rettleiing til elevar og føresette. Helsesjukepleiar er på alle skulane i kommunen til faste tider. Me har dessverre ikkje skulelege, men kan nytte helsestasjonslegen ved behov. Tilbodet er gratis.

Program

Me har ulike faste oppgåver knytt til dei ulike klassetrinna.

 

Klassetrinn

Program for skulehelsetenesta

1 kl.

Helsesamtale saman med foreldre på helsestasjonen

m/legeundersøking og høyrselstest, vekt og høgde

2 kl.

Vaksinering

Difteri, tetanus, kikhoste og polio

3 kl.

Helsesamtale på skulen med måling av vekt og høgde. Me snakkar om tema som søvn, trivsel, fysisk aktivitet og ernæring. Meir informasjon om dette kjem i eige skriv.  

4.kl

-

 

5.kl

Tilbod om pubertetsundervisning dersom skulen ynskjer det

6 kl.

Vaksinasjon

Meslinger, kusma og røde hunder (MMR)

7 kl.

Vaksinasjon Humant pappilomavirus (HPV)- obs ny vaksine etter 6 mnd- totalt 2 vaksiner

  

Vaksinasjon 

I forkant av vaksinasjonar vert det sendt ut skriv med informasjon og samtykkeskjema for vaksinasjon til heimen. Vaksinasjonane vert utført på skulen. Tidspunkt for vaksinasjon vil bli opplyst om via skulen.  Foreldre/føresette til elevar på 2. trinn er velkomne til å fylgja eleven dersom dei ynskjer dette.  For oversikt over kva vaksiner barnet dykkar har fått tidlegare, kan du finne dette på Helsenorge.no sine sider. Logg deg inn her.

Tilbod utanom fast program

Me har tilbod om  open dør på skulen slik at elevane kan komma utan timeavtale og tilbyr oppfølging med samtalar for enkeltelevar som har trong for dette. Skulehelsetenesta kan også delta på undervisning i klassane om ulike tema dersom skulen ynskjer det.  Døme på tema som kan drøftast med skulehelsetenesta er:  skuletrivsel, følelsar, søvnvanskar, kropp, pubertet, skilsmisse, sorg, vennskap, identitet,helseutfordringar osv.

Nye elevar ved skulen

Elevar som er nye ved skulen, vil få tilbod om ny-elev-samtale med helsesjukepleiar. Dette for at me skal bli kjent med eleven og  for at eleven skal ha kjennskap til skulehelsetenesta. 

Teieplikt

Skulehelsetenesta har teieplikt. Det vil sei at informasjon som eleven/de som føresette gir oss, ikkje automatisk kan delast med skulen med mindre eleven/ føresette samtykker til dette.  

Samarbeidspartnarar

Skulen er ein viktig samarbeidspartnar for skulehelsetenesta. Me samarbeider også med og kan tilvise vidare til fastlegar, fysioterapeut, barnevern, PPT og psykolog ved helsestasjonen.

Skulehelsetenesta - 1.-7.trinn - brosjyre (PDF).

Skulehelsetenesta - 8.-10.trinn - brosjyre (PDF).


Sist oppdatert: 11.10.2021
Publisert: 29.05.2018