Tannlege

Kven kan få offentleg tannbehandling

Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar vi psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie.

  • Barn og ungdom frå 0 – 18 år (Dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 18 år.)
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon. 
  • Personar i institusjon og heimesjukepleie. Dette under føresetnad av at ein har budd i institusjon i 3 månadar eller meir, eller har motteke heimesjukepleie minimum 1 gong per veke i 3 månadar eller meir. Merk at loven gjeld både for psykiatriske og somatiske pasientar.
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25 % av takstar fastsett av departementet. Merk, dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 20 år. Fom. det året dei fyller 21 år må dei betale takstar som vaksne betalande pasientar, fastsett av Tannhelsetenesta i Hordaland.
Kontakt Arna tannklinikk

Telefon: 55 39 20 40

Adresse

Arna tannklinikk, Øyrane torg
Ådnavegen 63
5260 Indre Arna

Tannklinikkar i Vestland

Trykk her for å finne informasjon om tannklinikkar i Vestland fylke.


Sist oppdatert: 02.10.2023
Publisert: 21.08.2018