Barnehagane frå måndag 8.juni

Det er framleis omsorgstilbod for dei som har rett på dette. Me vurderer fortløpande, i samarbeid med smittevernlege i kommunen, om me kan auke opningstida etterkvart. Dersom du har behov utanom opningstida må du gje melding til styrar så snart som mogeleg og seinast torsdag kl. 12 veka før. 

Gult nivå

I dag kom det ny smittevernveileder for barnehagane frå Folkehelseinstituttet. Regjeringa har kategorisert koranapandemien i tre ulike nivå; rød, gul og grønn. No skal me over frå rødt til gult nivå. Følgande tiltak er gjeldande ved gult nivå:

  1. Ingen sjuke skal møta i barnehagen
  2. God hygiene og forsterka reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak: Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (håndhelsing og klemming). Heile avdelingar vert rekna som ein kohort. Faste tilsette per kohort. Unngå trengsel og store samlingar. Tilstrebe avstand mellom ulike kohortar. Dele inn uteområdet for å halde avstand mellom kohortar.

Slik vert dagen

07.00 - 08.00:
Vi startar dagen inne. Dei som treng det kan ha med frukost. 

08.00 – 0930:
Dei som vert levert i denne tida må kome ferdig påkledd til å vere ute. Tilpass kle etter temperaturen. Barna må ha spist frukost. De må framleis levere barna i porten/utanfor avdelingane (slik de gjer no). 

08.00 – 14.30:
Alle er i sine grupper. 

14.30 – 15.30:
Vi er ute og alt er klart til henting når de kjem. 


Sist oppdatert: 05.06.2020
Publisert: 05.06.2020