HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaBarnehagane opnar måndag 20. april

Barnehagane opnar måndag 20. april

Vi førebur oppstart i barnehagane måndag 20. april 

Vi gler oss til å ønskje barna tilbake i barnehagane på måndag. Vi jobbar på med å førebu oss etter rettleiaren vi har fått frå myndigheitene. 

Barnehagane jobbar no med å få kontakt med føresette for å få oversikt over kor mange barn som kjem i barnehagen når vi opnar. Dette er viktig informasjon knytt til planlegginga vår. 

Om du er usikker på om barnet ditt skal komme i barnehagen av helsegrunnar, ber vi om at du ringjer koronatelefonen 453 77777. Her vil du få gode råd og informasjon frå helsepersonell. 

Vi veit enno ikkje kva opningstid barnehagen vil Dette fordi vi må sikre at vi har nok tilsette på jobb til ei kvar tid. Vi kjem tilbake med informasjon så snart dette er på plass. 

Har du spørsmål, send oss ein e-post: innbyggjarservice@vaksdal.kommune.no  


Sist oppdatert: 16.04.2020
Publisert: 16.04.2020