HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaMe er no inne i fase 2 i gradvis gjenopning av landet vårt

Me er no inne i fase 2 i gradvis gjenopning av landet vårt

Ordførar Hege Eide Vik 

Born og unge under 20 år kan no òg trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unntatt frå anbefalinga om ein meters avstand, men det er framleis begrensingar på kontakt med deltakarar frå andre geografiske område.  

Sosial aktivitet, idrett og fritid for vaksne 

Regjeringa har letta på tiltaka, men det er framleis reguleringar for sosial kontakt, arrangement, idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne. Her gjeld òg framleis antalsbegrensingar og avstandskrav 

I Vaksdal kommune har vi ingen treningssenter, og treningsrommet (styrkerommet) i Turbinen har vore stengt under heile pandemien. Treningsrommet er lite, og utstyr som står der blir brukt av alle. Det er ikkje nokon tilsett knytt til treningsrommetdifor har me ingen mogelegheit til å ivareta krava til registrering og reinhald slik ein har på eit treningssenter 
Kommunal kriseleiing vil vurdere opning av treningsrommet når Regjeringa har iverksett trinn 3 i gjenopninga av samfunnetMe håpar at dette skjer i sommar, og kan iverksetjast i august.  

Hugs smittevernreglane 

Smittetala i Noreg er låge, men me har framleis smitte og lokale utbrot rundt om i landetDifor er det viktig at vi held fram med å følgje dei nasjonale tilrådingane for smittevern.  

No skin sola, og me har varme sommardagarEg håpar de nyt denne tida ute i den koronavennlege naturen vår. Anten ein trivs i fjellet, ved sjøen eller i hagen ynskjer eg dykk gode dagar 

Helsing Hege Eide Vik

Ordførar

Trykk her for å lese Regjeringa sin plan for gradvis gjenopning. 


Sist oppdatert: 31.05.2021
Publisert: 31.05.2021