HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaHar de planar om utandørs førjulsarrangement?

Har de planar om utandørs førjulsarrangement?

Krav til arrangør: 

  • Det må være eit offentleg areal som er stort nok og tydeleg fysisk avgrensa 

  • Deltakarane skal ha minst ein meter avstand heile tida 

  • Arrangementet må ha ein ansvarleg arrangør 

  • De må ha full oversikt over kven som er tilstades – føre lister med namn og telefonnummerLista skal oppbevarast i 10 dagar, og slettast etter dette. Om smittevernlegen ber om det, skal lista sendast i tekstformat. 

  • Det er klåre begrensingar på tal deltakarar i forhold til areal 

  • Betaling skal skje berre på VIPPS eller betalingsterminal – ingen kontantar 

  • Sørge for bruk av munnbind/maske om avstand på minimum 1 meter ikkje kan overhaldes 

  • Ha tilgjengeleg handsprit til besøkjande 

Vi føl dei nasjonale retningslinjene for utandørs arrangementArrangement utan fastmonterte sete kan ha inntil 200 deltakarar. 

De må snarast melde frå til kommunen om de planlegg arrangement, der de beskriv: 

  • Kva arrangement de planlegg 

  • Kven som er ansvarleg arrangør 

  • Korleis de skal ivareta krav til arrangør/ smittevenreglane  

Send melding til: info@vaksdal.kommune.no  


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 24.11.2020