HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaInformasjon til foreldre og føresette om opning av barnehagane i Vaksdal 20.april

Informasjon til foreldre og føresette om opning av barnehagane i Vaksdal 20.april

Opningstid

Alle barnehagane i Vaksdal kommune vil opne måndag 20. april. Den fyrste veka vil opningstida vere 0800 – 1500 for alle. Dette gjer vi for å få høgare vaksentettleik og ein god start for barna som no har vore lenge heime. Redusert opningstid gjer barnehagane mogelegheit for ha tilstrekkeleg bemanning i den tida barna er i barnehagen for å møte smittevernkrava i den nasjonale rettleiaren. Alle tilsette kan vera på jobb samstundes, og barn og tilsette skal delast inn i faste grupper som er saman heile dagen.

Organisering

Barna vert delt i faste grupper. Gruppene kan endrast frå veke til veke. Det vil vera 1 vaksen og 6 barn over 3 år/3 barn under 3 år i ei gruppe. Gruppene vil i periodar på dagen samarbeide i par (2 og 2 grupper). Det kan til dømes vera 2 grupper inne/ute om gangen. De vil få melding i Vigilo kven ditt barn er i gruppe med, og kven av dei vaksne som skal vera med dei.

Levering og henting

Vi prøver så langt det let seg gjera å ta imot barna ute slik at færrast mogeleg personar utanfrå kjem inn i barnehagen. Dersom det ikkje er nokon på uteområdet og tek i mot dykk, ber me om at de venter ved inngangen til ein tilsett kjem for å ta i mot. Barn skal ha på utekle når dei møter i barnehagen. Det same gjeld ved henting. Personalet gjer klart barnet ditt for henting og møter deg i døra. Samstundes får de utekle og anna som skal vera med heim. Kom til avtalt tid, meld frå ved endringar. Me ynskjer færrast mogleg innom i barnehagen, difor er det fint om det er dei same personane som leverar og hentar.

Måltid

Alle barna må ha spist frukost før dei kjem til barnehagen. Barna må ha med matpakke til heile dagen
+ frukt. Maten må vere oppdelt viss barnet treng det. Barnehagen ordnar mjølk. Me ynskjer ikkje at de tek med drikkeflaske då barna får drikke i kopp.
I perioden vi ikkje lagar mat i barnehagen vil de heller ikkje få krav om kostpengar.

Klede og leikar

Vi kjem til å vere meir ute enn vanleg, så det er viktig å ha med gode uteklede: Dress, regntøy, støvlar, lue, vottar. Hugs òg solkrem og solbriller og/eller caps.
De må ha med to sett bytteklede, vi kan ikkje låne ut klede.

Alle klede må takast med heim kvar dag. Dei må vere tørre og reine (børst av skitt/vask ved behov) til dagen etter. Vi kan ikkje bruke tørkeskapet no. Ha minst mogeleg i garderoben. Unnatak er byteklede.
Barna kan ikkje ta med eigne leiker heimefrå. Viss barnet ditt har ein egen kosebamse for å sove, kan de ta med denne.

Hygiene og smittevern

Dei viktigaste tiltaka for å hindra smitte, er god og hyppig handvask. Alle tilsette og barn må vaske hender når dei kjem, før og etter måltid, etter stell og toalettbesøk, og når dei går inn og ut av barnehagen. Hendene skal vaskast i minst 20 sekunder, og deretter tørkast med eingongs papirhandklede.
Handvask er like viktig heime som i barnehagen. Vask hendene før de kjem i barnehagen, og med ein gong de kjem heim.
Vi oppfordra at barna er saman med få andre barn på fritida, og at leik helst skjer ute.

Ved endringar i nasjonale føringar som påverkar barnehagane vil de som foreldre/føresette få fortløpande informasjon.

Vi gler oss til å sjå dykk att – saman skal vi lage ein trygg og god barnehage 😊 

Helsing frå alle oss i barnehagane,

Gunn Elisabeth Melgård Aase,
Einingsleiar barnehage


Sist oppdatert: 17.04.2020
Publisert: 17.04.2020