HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaKommuneoverlegen melder i dag om fleire smittetilfelle i kommunen

Kommuneoverlegen melder i dag om fleire smittetilfelle i kommunen

Berørte elevar er 4a og 5. trinn på Stanghelle skule og 9. trinn på Dale skule. Det er og ein tilsett ved Stanghelle som er smitta. Elevane må difor i karantene ut neste skuleveke.
Karantene betyr at borna skal halde seg heime og ikkje ha omgang med andre barn og vaksne enn dei i familien.
Barna i barnehagen blir henta av føresette.
Skulene og barnehagen har kontakt med smittesporingsteamet, og det er sett i gong smittesporing. Smittesporingsteamet gjer avtale om testing med dei som må testast.
Elevane ved 9.trinn blir testa på måndag. Elevar på barnetrinnet blir testa om dei får symptom. Føresette må då ringe koronatelefonen 453 77 777 eller legevakt 116 117.
Føresette er varsla direkte i eigne kanalar.

Sist oppdatert: 06.11.2020
Publisert: 06.11.2020