Koronasmitte og vaksinering

Vaksdal kommune har då i denne "runden" ni  smittetilfelle.

Testing kvar dag

På grunn av auka smitte har vi no ope for testing kvar vekedag. Ring koronatelefonen for avtale 453 77 777  (måndag-fredag kl 09.00-11.00) om du mistenkjer smitte.  

Ta kontakt om du ikkje har fått vaksinedose 1

Om du ikkje har fått vaksinedose 1, ta kontakt på telefon  966 34 327 (måndag-fredag kl 09.00-11.00), eller på e-post korona@vaksdal.kommune.no

Smittevernreglane gjeld framleis

Vi er inne i ein ny smittebølge, og sjølv om færre blir alvorleg sjuke er det viktig å fortsette det gode arbeidet.

  • Bruk munnbind når du ikkje kan halde avstand
  • Hugs ein-meteren
  • Vask hender
  • Bli heime når du er sjuk

Sist oppdatert: 18.08.2021
Publisert: 18.08.2021