HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaKoronatesting av innbyggjarar i Vaksdal kommune frå måndag 4. mai

Koronatesting av innbyggjarar i Vaksdal kommune frå måndag 4. mai

Frå måndag 4.mai er testkapasiteten i landet utvida så mykje at alle med symptom kan bli testa.

Kommunen takkar for godt samarbeid med Voss når det gjeld testing for korona.

Når vi no skal auke testinga, og mange barn skal bli testa, velgjer vi å etablere eige testsenter i Forsamlingshuset på Dale. Ingen frå Vaksdal skal lengjer reise til eller ringe til testsenteret på Voss.

Kven kan bli testa?

Alle med luftvegsinfeksjon kan no bli testa. Symptom som kvalifiserer til testing er framleis:

  • Feber, tung pust eller hoste

Har du lette symptom kan du vurdere å vente 1-2 døgn før du tar kontakt.

Kva gjer du?

Du ringjer koronatelefonen på  453 77 777 måndag til fredag mellom 08.30 og 15.30. Her vil helsepersonell gjere avtale med deg om testing.

All testing MÅ avtalast på førehand, og det er viktig at du møter presis.

Kjem du i bil blir du testa på baksida av Forsamlingshuset, på parkeringa ved kyrkja.
Kjem du gåande eller på anna måte, blir prøve tatt i gangen innanfor hoveddøra til Forsamlingshuset.

Treng du lege i helga, ring legevakt 116 117.

Ole Miltzow Thorseth,
kommuneoverlege


Sist oppdatert: 30.04.2020
Publisert: 30.04.2020