HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaMe opnar for meir besøk på institusjonane våre

Me opnar for meir besøk på institusjonane våre

Ordninga gjelder frå og med i dag, til og med måndag 22.februar. Måndag 22. vert det gjort ei ny vurdering, og me håpar då å kunne opne enno meir opp.

Me ber pårørande som kjem frå kommunar med høgt smittetrykk om å førebels ikkje komme.

Pårørande må som tidlegare avtale besøk i forkant med avdelinga og følgje smittevernreglane våre når de kjem. De må vere friske, og ikkje vore i nærkontakt med nokon som har fått påvist korona eller venter på prøvesvar.

Me har framleis eigne rutinar for tilrettelagte besøk hos alvorleg sjuke og døyande pasientar.


Sist oppdatert: 15.02.2021
Publisert: 15.02.2021