HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaMeir besøk på institusjonane våre frå torsdag 18. februar kl 15.00

Meir besøk på institusjonane våre frå torsdag 18. februar kl 15.00

Me vil ha ulike ordningar for pasientar på langtidsplass og korttidsplass grunna smittevern og vaksinering.

Dersom du bur i ein kommune eller eit område med mykje smittetrykk, ber me deg om å ikkje komme på besøk inntil vidare. Unnatak er om du kan vise til negativ test på Covid-19, der svaret ikkje er eldre enn 2 døger.

Besøk må, som før, avtalast med institusjon i forkant, og det er framleis viktig å overhalde smittevernreglane.

Bebuarar med langtidsplass kan no ta imot:

  • Daglege besøk av to personar samstundes, inntil fire ulike personar i løpet av ei veke.

Bebuarar med korttidplass kan ta imot:

  • Inntil to besøk pr veke, av to personar samstundes, inntil fire ulike personar pr veke.

Me har framleis eigne tilrettelagte besøksrutinar til alvorleg sjuke og døyande.


Sist oppdatert: 17.02.2021
Publisert: 17.02.2021