HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaNye nasjonale reglar og anbefalingar frå 1. desember

Nye nasjonale reglar og anbefalingar frå 1. desember

 Dette er dei nye nasjonale reglane:

  • Blir du smitta av covid-19, må du vere isolert i fem dagar. Dette gjeld uansett om du er vaksinert eller ikkje.
  • I tillegg må du ha vore feberfri i 24 timar før du går ut av isolasjon.  
  • Viss du bur saman med ein som er smitta, må du halde deg heime i karantene til du har svar på ein negativ test. Dette gjeld vaksne, og uansett vaksinestatus. For å slippe karantene må vaksinerte teste seg på nytt seinast etter sju dagar. Uvaksinerte må teste seg dagleg i sju dagar med hurtigtest eller annankvar dag med PCR-test.
    For barn er dette ikkje ei plikt, men ei anbefaling.

Dette er dei nye nasjonale anbefalingane:

  • Bruk munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand.
  • Fortset anbefalinga om jamleg testing av skuleelevar i område med aukande smittespreiing og høg belastning i helse- og omsorgstenesta.
  • Kommunar med høg smitte og høg belastning i helse tenesta må vurdere å øke bruk av heimekontor.

Trykk her for å lese saka på Regjeringa si nettside.

Påbod om bruk av munnbind i Vaksdal kommune

Vaksdal kommune har i tillegg eit påbod om munnbind som gjeld fram til 20. desember 2021. Påbodet gjeld:

- Når det er fare for at det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemmer, skal det brukast munnbind på butikkar, i fellesareala på kjøpesenter, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde og i taxi.

Trykk her for å lese forskrifta vår om munnbindpåbod hos Lovdata.


Sist oppdatert: 30.11.2021
Publisert: 30.11.2021