Registrer deg for koronavaksine

Trykk her og logg deg inn med din Bank-ID for å registrere deg for koronavaksine

(Du vel språk ved å trykke på globusen oppe til høgre inne i registreringstenesta).

  • Du kan også registrere på vegner av andre (til dømes familie som ikkje klarer å registrere seg sjølv). Du logger inn med din eigen Bank-ID og vel "Registrer på vegne av..:" i første trinn på registreringa.
  • Dersom du IKKJE ynskjer å bli vaksinert ber vi også om at du registrerer deg, og kryssar av for at du ikkje vil bli vaksinert. 
  • Dersom du allereie har fått vaksina må du ikkje registrere deg. 
  • Du treng heller ikkje å registrere deg her dersom du er helsepersonell som får vaksina i anna kommune, helseføretak e.l.
  • Vaksina er gratis og frivillig. Det er kommunen som gjennomfører vaksineringa. 
  • Du skal ikkje kontakte fastlegen din for koronavaksine.
  • Det kan ta lang tid frå du registrer deg til det blir din tur. Du vil få nærmare informasjon om når og kor du skal møte til vaksinasjon.
  • Du må registrere deg sjølv om du har vore oppringt frå koronateamet, men ikkje har fått vaksine.

Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast.

Trykk her for å lese meir om vaksineringsprogrammet på nettsida til Folkehelsinstituttet.

Om du ikkje kan registrere deg her, ring vaksinetelefonen: 966 34 327 (måndag - fredag mellom kl 9.00 og 11.00).


Sist oppdatert: 03.03.2021
Publisert: 02.03.2021