Regjeringa fortset gjenopninga

Vi må alle likevel fortsett ha høgt fokus på smittevern. Det er framleis ein uforutsigbar smittesituasjon mange stader i verda, og det kan være behov for å slå ned lokale utbrot med lokale reglar.

Nasjonale tiltak

Her er nokre av anbefalingane som gjeld for heile landet.

Sosial kontakt

Ikkje ha besøk av fleire enn 20 gjestar

Rådet om avstand gjeld framleis, men dei som er beskytta kan ha nær sosial kontakt med andre beskytta, og ubeskytta som ikkje er i risikogruppa

Arrangement

Det oppfordrast til å ha arrangement utandørs. 

Regler for heile landet:

Private arrangement

  • Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leide eller lånte lokale.

Offentlege arrangement

Trykk her for å lese hva som gjeld for offentlege arrangement på regjeringen.no

Arbeidsliv

  • Auka nærvær på arbeidsplassen
  • Generelle smitteverntiltak
  • Det må være mogeleg å halde ein meters avstand
  • Dei som er beskytta treng ikkje å halde avstand til andre, men bør ta spesielt omsyn til ubeskytta risikogrupper.

Du kan lese meir om skule, barnehage, sommarleirar, idrett, kultur og fritidsaktivitetar på nettsida til Regjeringa

Reiseråd

  • Frå 5.juli opphevar Regjeringa reiserådet for EØS, Schengen og Storbritannia.
  • Frå 19.juni opnar det for innreise for familiar og kjærastar som bur i EØS-området og Storbritannia. (Kjærastar må søkje Utlendingsdirektoratet).

Sist oppdatert: 20.06.2021
Publisert: 20.06.2021